Home About us Products Services Contact us Bookmark
:: wikimiki.org ::
Amasone

Amasone

Amasone kan visa til krigerske kvinner eller samfunn der kvinner er soldatar. I snever betydning er amasonene namnet på matriarkalsk organisert folk i gresk mytologi som skulle leva i Anatolia og aust for Svartehavet. I moderne betydning blir det også brukt om andre matriarkalske folk.

Greske amasoner

Svartehavet Grekarane fortalde ei rekkje historiar om dei krigerske barbarkvinnene som rei hestar og skaut med pil og boge. Mytene kan ha hatt utspring i kvinnelege krigarar blant skytarane, men har truleg vakse litt med kvar forteljing. For grekarane var det nemleg uhøyrt, for ikkje å snakka om ukvinneleg, at kvinner skulle kjempa på same viset som menn. Amasonene stamma frå krigsguden Ares og kona hans Harmonia, og var dei einaste barna dei to fekk saman. Dei levde i kvinnestatar der menn var marginaliserte. Dei måtte halda seg heime, medan amasonene vitja dei to gonger i månaden for å syta for forplantinga. Gutebarn blei sendt vekk eller lagt ut for å døy, medan nyfødde jenter blei fostra opp til å bli krigarar som mødrene sine. Ei amasone måtte vera jomfrueleg til ho hadde drept minst tre menn i strid. For å kunne trekka bogestrengen langt nok tilbake opererte eller brann dei vekk det høgre brystet sitt. Kvar amasonestat blei styrt av ei dronning. Penthesileia var namnet på ei av dei, ho kjempa for Troja under Trojakrigen og blei drepen av Akilles. Ei anna var Hippolyte, som hadde eit magisk belte faren Ares hadde gjeve henne. Eitt av storverka til Herakles var å stela dette beltet. Thesevs hjelpte han med dette, og bortførte søstera hennar, Antiope, kanskje som hemn for at amasonene hadde storma Akropolis i Aten.

Andre amasoner

Dei dominerande amasoneskikkelsane interesserte seinare europearar som dei hadde fascinert grekarane, og omgrepet levde vidare. Det blei etterkvart brukt om eitkvart samfunn der kvinnene hadde makta, eller om kvinner som deltok i strid. Matriarkalske samfunn har alltid eksistert. Kvinnelege krigarar er noko uvanlege, men det finst likevel fleire døme på desse frå ulike stader og tidsrom.

Afrika

Matriarkalske samfunn Libya har ein lang historie med amasonekvinner som truleg er eldre enn den greske tradisjonen, og har fortsett ved at Gadaffi har ein kvinneleg livvakt. Dahomeyamasonene var ei militæreining på rundt seks tusen kvinner som dominerte delar av Vest-Afrika frå 1500- til seint på 1800-talet, då franske styrker overvann dei. Andre afrikanske folkegrupper der kvinner kjempa var igboane og fulaniane.

Asia

Det fantest òg kvinnelege livvakter i Asia, mellom anna for nizamane som herska over Hyderabadstaten i India, og for kongefamilien i KandySri Lanka. I Siam (no Thailand) på 1800-talet hadde kongen ein bataljon på fire hundre utvalde vakre kvinner som mellom anna var dyktiga spydkastarar, men blei for høgd verdsette til å sendast i krig.

Europa

Blant keltiske og germanske stammar var det vanleg at kvinner kjempa saman med mennene sine, eller at unge kvinner utan ansvar for ein familie levde som krigarar. Icenardronninga Boudicca hadde i følge den romerske historikaren Tacitus fleire kvinner enn menn i hæren sin.

Amasoner i kulturen

Elva Amazonas i Brasil fekk namnet sitt fordi ei gruppe oppdagarar rapporterte at dei var blitt overfalne av langhåra krigerkvinner, amasoner. I litteraturen og anna underhaldning finst fleire amasoneskikkelsar og -samfunn. Den norske forfattaren Ingar Knudtsen jr. har skrive ein roman-trilogi om amasonestyrte rike i Afrika. Amasoneskikkelsane er populære ikkje minst mellom mannlige entusiaster, i Noreg gjerne gjennom den norske amazonegruppa sin nettstad.

Peikar ut


- [http://heim.ifi.uio.no/~thomas/lister/ag.html uio.no] - Nettstaden åt den norske amazonegruppa. kategori:gresk mytologi kategori:kjønnsrollar

Gresk mytologi

Gresk mytologi er forteljingane om greske gudar, heltar og monster. Mytologien har mange trekk til felles med andre indoeuropeiske tradisjonar, men òg sine særtrekk. Han har mellom anna ei rekkje tragediar, der menneske som set seg opp mellom skjebnen eller gudane til slutt opplever sorg og fortaping. Den greske mytolgien har inspirert eit utal kunstnarar, både i si eiga tid og seinare. Ei rekkje greske skaldar, med Homer i spissen, har fortald legendene i song og rim. Romerske diktarar, som Ovid, fortsette med same tema, og det gjorde òg seinare europeiske diktarar og komponistar. Skikkelsar frå mytologien dukkar opp på greske vasar og fresker, og som naturtru greske statuar, som seinare romerske, italienske og andre europeiske bilethoggararar skulle gjera sitt beste for å kopiera.

Dei greske gudane

bilethoggar Dei greske gudane me kjenner best er dei olympiske gudane: Zevs, Hera, Poseidon, Ares, Hermes, Hefaistos, Afrodite, Atene, Apollon og Artemis, med Hestia, Demeter, Dionysos og Hades nokre gonger medrekna. Det fantest òg andre gudar som hadde sine inderlege tilbedarar visse stader i det gamle Hellas, og gudar som ikkje blei tilbedne noko særleg, ettersom dei bare var personleggjeringa av ei naturkraft eller ein eigenskap: Jorda Gaia, himmelen Uranos, havet Okean og natta Nyx er døme på dette. Dei greske gudane føyer seg fint inn i den større indoeuropeiske gudeslekta, som mellom anna omfattar dei norrøne og dei vediske gudane. Etter kvart som Romarriket vaks til, såg romarane sambandet mellom si eiga gudelære og den greske, og tok til seg mange forteljingar og nokre gudar frå grekarane.

Dei greske heltane

Romarriket.]] Heltar var menneske eller halvgudar - ungar til gudar og menneske - som gjorde store dådar, og anten blei belønna eller straffa for det. Herakles er truleg den største av dei, kjend for tolv stordådar. Orfevs var ein helt innan musikken, medan Prometevs var ein mann som røpte løyndene til gudane, og blei hardt straffa. Svært viktig i mange av dei greske legendene var skjebnen. Dersom eit orakel spådde at noko ville skje, måtte det gå slik, same kva menneska prøvde å gjera for å stoppa det. Ødipus er ein kjend tragisk figur dette hende med, ein annan er Tessevs.

Overnaturlege vesen

I tillegg til gudar og menneske fantest ei rekkje vesen av ulik karakter i den greske mytologiske verda. Dei fleste tinga i naturen hadde personlegdommar, som dryader i trea og najader i vatn. Det fantest mange vesen som var sett saman av ulike verkelege vesen, som kentaurar og faunar. Ein hadde vidunderlege vesen, som Pegasus, og forferdelege monster, som Medusa og minotauren.
-
nb:Gresk mytologi ko:그리스 신화 ja:ギリシャ神話

Anatolia

#OMDIRIGER Vesleasia

Svartehavet

Svartehavet er eit innhav mellom Europa og Lilleasia, forbunde med Middelhavet gjennom Bosporosstredet, Marmarahavet og Dardanellane. Dei viktigaste havnebyane er Odessa og Sevastopol. Havet er omlag 450.000 km2 stort, 1.154 km langt, og ein breidde på 610 km på det tjukkaste. Den største djupna er 2.200 m. Land som har kystlinje til Svartehavet:
- Russland
- Ukraina
- Romania
- Bulgaria
- Tyrkia
- Georgia kategori:innhav kategori:europeisk geografi kategori:asiatisk geografi ja:黒海

Aten

Aten er hovudstaden i Hellas, og ligg sørvest i landet. Byen er den største i Hellas, og har med kringliggjande bustadsområde rundt 3.700.000 innbyggjarar. Folketalet har vakse kraftig i dei siste tiåra, og Aten er prega av trafikkproblem og luftureining. Aten er særleg kjend for si fortid som ein mektig bystat, og ruinane frå denne tida, Akropolis og især Parthenontempelet, er viktige fortidsminne og turistmål.

Historie

Parthenon Aten kan vera oppkalla etter Atene, som var skytsgudinne for byen. Under den greske gullalderen, frå rundt 500 til 300 f. Kr., var Aten opphavsstad for kultur og filosofi som har prega mykje av vestleg samfunn sidan. Byen fortsette som eit rikt lærdomssenter heilt til seinromersk tid, då dei bysantiske keisarane blei kristne og dei filosofiske skolane stengde. Aten mista innflytinga si og blei ein uviktig provinsby som bysantinarane og krossfarar slost om. Han blei erobra at det ottomanske riket i 1458. Ettersom riket sjukna til, forfall også byen. Stadig kriging om makta førte til at folketalet sank, og Aten var så godt som fråflytta då han vart teken som hovudstad for eit sjølvstendig Hellas i 1833. 1458 I 1896 blei det første moderne OL arrangert i Aten, og i 2004 var byen igjen vert for leikane.

Lenkjer ut

kategori:byar i Hellas kategori:hovudstader i Europa nb:Athen ja:アテネ nb:Athen simple:Athens

Asia

høgre høgre Asia er verdsdelen med det største folketalet og den største flatevidda, og utgjer brorparten av det eurasiske kontinentet. Han møter Stillehavet i aust og Europa i vest, med ei grense ein ofte dreg gjennom Uralfjella, Det Kaspiske Havet, Kaukasus, Svartehavet, Bosporosstredet, Marmarahavet og Dardanellane. Ved Suezkanalen grenser Asia til Afrika.

Historie

Asia har ein svært lang kulturhistorie. Ein finn mange av verdas eldste sivilisasjonar her, som langs elvene Indus i India, Yangtze i Kina, og Eufrat og Tigris i Mesopotamia. Fleire av desse utvikla tidleg skriftsystem, og difor har fleire land ein mykje lengre nedskriven historie enn land andre stader i verda, til dømes Noreg.

Religion

Alle dei store verdsreligionane kjem faktisk frå Asia. Hinduismen og buddhismen utvikla seg i India, medan jødedommen, kristendommen og islam blei til i Midtausten. Religionsmangfaldet i verdsdelen er likevel (eller på grunn av dette) stort. Her finst mange sjamanistiske tradisjonar og mindre religionar, som sikhisme og djainisme.

Sjølvstendige land

Uavhengige territorium


- Britisk Territorium i Indiahavet (Storbritannia)
- Forente Kongedømmes Suverene Baseterritorium, Kypros (Storbritannia)
- Hong Kong (Folkerepublikken Kina)
- Macao (Folkerepublikken Kina)
- Tibet - okkupert av Folkerepublikken Kina Kategori:Verdsdelar kategori:Eurasia ja:アジア ko:아시아 ms:Asia simple:Asia th:ทวีปเอเชีย

Sri Lanka

Den demokratiske sosialistiske republikken Sri Lanka, kjend som Ceylon før 1972, er ein tropisk øy-republikk i Asia søraust for India. Nasjonaldagen er 4. februar, dagen då landet vart sjølvstendig frå Storbritannia i 1948. Sri Lanka har to store folkegrupper, singalesarar og tamilar, som i over tjue år har vore involverte i ein borgarkrig mot kvarandre. Singalesarane held regjeringsmakta i landet, medan opprørsgruppa dei tamilske tigrane kontrollerer nordlege delar av øya. Det høgste fjellet heiter Pidurutalagala. Øya har i tidligare tider vore kjend som Lanka, Lankadvipa, Taprobane, Serendib og Selan, medan ho heitte Ceylon i kolonitida. To av dei viktigaste eksportvarene frå Sri Lanka er kaffi og te. Ceylonte er fortsatt ein velkjend tetype. te Kategori:Land i Asia Kategori:Øyar i Asia nb:Sri Lanka ja:スリランカ ms:Sri Lanka nb:Sri Lanka th:ประเทศศรีลังกา

Thailand

Thailand er eit kongedøme søraust i Asia. Landet grensar til Malaysia, Myanmar (også kalla Burma), Laos og Kambodsja.

Namn

Thailand, eller Muang Thai som det heiter på thai, var tidlegare kalla Prathet Thai og før det igjen Siam. Namnet Muang Thai tyder "landet til dei frie", medan Prathet Thai er eit anna ord for det same. Det tidlegare namnet Siam kom truleg frå folkegruppa shan, og blei brukt fram til 1949. Thailand vert ofte òg kalla Smilets land, ettersom folka der har ord på seg for å vera smilande og vennlege.

Historie

Det noverande kongedømet blei til i 1767, men har røter i det eldre riket Sukhothai, grunnlagd i 1238, og det seinare storriket Ayutthaya. Trass i stadig press frå europeiske makter frå 1500-talet blei Siam aldri erobra og kolonisert, som det einaste landet i området. Landet utførte likevel mange reformar på 1800-talet, og var særleg ope for britiske handelsinteresser, slik at fleire historikarar har kalla det "ein uformell del" av det britiske imperiet. Det konstitusjonelle monarkiet blei til i 1932 etter ein fredeleg revolusjon. Kongen har lita makt, men han har framleis ein viktig rolle som øvste leiar for buddhismen og samlande nasjonalt symbol for landet. Kongen og familien hans opptrer dagleg på ulike arrangement og er høgt verdsette, medan å kritisera dei er uhøyrt. I 1992 brukte kong Bhumibol Adulyadej innflytinga si til å stoppa samanstøyt mellom hæren og demonstrantar.

Økonomi

Dei viktigaste industriane i landet er gummi, fiske, tømmer, naturgass og turisme. Mellom 1985 og 1995 hadde landet den største vekstraten i verda, med eit årleg snitt på nesten 9%. Dette fekk ein brå slutt i 1997, då intenst valutaspekulering med den thailandske bahten førte til at kursen kollapsa og landet gjekk inn i ei økonomisk krise saman med heile Søraustasia. På den andre sida førte den låge baht-verdien til ein auke i turismen. Thailand har rykte på seg for å vera eit vennleg, ufarleg turistland, og trekk til seg utlendingar av mange grunnar. Nokre av dei dreg for å oppleva vakre øyar og strender, andre for å vitja historiske stader som Sukothai og Ayutthaya, og ei lita gruppe dreg for å oppleva natteliv og lettkjøpt sex.

Folkesetnad

lettkjøpt sex Størstedelen av det thailandske folket er etniske thaiar eller laotar; dei siste bur hovudsakle i den nordaustre Isan-regionen der dei utgjer rundt ein tredjedel av folketalet. Det bur òg ei stor gruppe utflytte kinesarar i landet, som har spela ein stor rolle i økonomien til landet. Andre folkegrupper er malayar i sør, monar, khmerar og ei rekke ulike urfolk. Hovudreligionen er theravada-buddhisme (95%), med ein liten del kristne, hinduar og andre religionar, og ei gruppe muslimar sør i landet. Mange av desse ønsker sjølvstende eller å slutta seg til det muslimske nabolandet Malaysia, noko som har ført til uro i områda dei bur i.

Geografi

Malaysia Malaysia Thailand er administrativt delt inn i 76 provinsar eller fylke (changwat). Provinsane vert delt inn i fem grupperingar. Kvar provins er delt inn i mindre distrikt, eller kommunar. Thai-namnet er amphoe. I år 2000 var det 795 slike distrikt (amphoe), 81 under-distrikt (konge amphoe) og 50 distrikt i Bangkok (khet). Namnet på kvar provinshovudstad (mueang) kjem av provinsen. Til dømes er "Chiang Mai", ein stor provins i nord, oppkalla etter provinshovudstaden, som med full tittel vert kalla Ampoe Mueang Chiang Mai. kategori:land i Asia kategori:Søraustasia ja:タイ王国 th:ประเทศไทย zh-cn:泰国 zh-tw:泰國

Keltarar

.]] Nemninga keltarar viser til ei rekkje nærskylde gamle folkegrupper i Europa som deler ei grein av dei indo-europeiske språka og såleis syner sams opphav. Keltarane fanst i eldre tider over store delar av Europa, men idag berre i dei vestlegaste utkantane av kontinentet. Idag blir ordet keltisk ofte bruka for å beskrive folk og respektive kulturar og språk til fleire etniske grupper i Irland og Storbritannia, den franske regionen Bretagne og den spanske regionen Galicia (det same ordet som namnet Gallia for det keltiske Frankrike, og "gælisk" for greiner av keltiske språk). Til «Dei sju keltiske nasjonane» som finst idag er vanlegvis rekna Irland, Wales, Skottland, Cornwall, Isle of Man, Bretagne og Galicia. Når det gjeld keltarane i Storbritannia er det usemje mellom forskarane om keltarane i hovudsak vart anten drepne eller fordrivne da angelsaksarane kom til England, eller om det berre var språket og kulturen deira som vart borte frå det angelsaksiske området. Det skal visstnok liggje føre DNA-undersøkingar som byggjer opp under ideen om at England utvikla seg gjennom at ein ny angelsaksisk kultur vart påtvinga det keltiske folket av ein ny sosial elite. England.]] Desse undersøkingane skal visstnok vise meir gammalbritisk, altså keltisk, innverknad i England enn i Skottland, som har meir skandinavisk innverknad (det må da vere frå norrøn busetjing i "vikingtida"). Men det gjev vel meir meining å omtale som keltiske dei folkegruppene og områda der det finst folk som framleis talar keltiske språk, som har andre drag frå keltisk kultur og tradisjonar, og som har ein keltisk historisk identitet. Dette er «Dei sju keltiske nasjonane» nemnde ovanfor.

Lenkjer ut

kategori:Europeiske kulturar kategori:Europeiske folkegrupper kategori:Folkegrupper als:Kelten ms:Celt ja:ケルト人

St. Georgen am Längsee

Sankt Georgen am Längsee ist eine Gemeinde im Bezirk Sankt Veit an der Glan in Kärnten, Österreich.

Geografie

Stadtgliederung

Ortschaften (Katastralgemeinden kursiv): Bernaich, Dellach, Drasendorf, Fiming, Garzern, Goggerwenig, Gösseling, Hochosterwitz, Kreutern, Krottendorf, Labon, Launsdorf, Maigern, Niederosterwitz, Pirkfeld, Podeblach, Pölling, Rain, Reipersdorf, Rottenstein, Sankt Georgen am Längsee, Sankt Martin, Sankt Peter, Sankt Sebastian, Scheifling, Siebenaich, Stammerdorf, Taggenbrunn, Thalsdorf, Töplach, Tschirnig, Unterbruckendorf, Unterlatschach, Weindorf, Wiendorf, Wolschart, Zensberg

Geschichte

Die Abtei St. Georgen am Längsee wurde um 1100 durch Graf Ottwin von Pustertal gegründet.

Einwohnerentwicklung


- 1999: 3.418
- 2000: 3.524
- 2001: 3.519
- 2002: 3.551

Politik

Gemeinderat

Der Gemeinderat besteht aus 23 Mitgliedern und setzt sich seit der Gemeinderatswahl 2003 aus Mandaten der folgenden Parteien zusammen:
- 12 SPÖ – stellt den Bürgermeister
- 6 FPÖ
- 5 ÖVP

Kultur und Sehenswürdigkeiten


- Burg Hochosterwitz
- Stift St. Georgen, wurde bereits 1002 gegründet
- Längsee (Kärnten) Längsee (Kärnten)

Literatur


- Neckheim, Günther Hermann, St. Georgen am Längsee, Kärnten, und seine Umgebung , Verlag Carinthia, (1962)
- Tropper, Christine, Geschichtliches über St. Georgen am Längsee, Verlag Kärntner Landesarchiv (2003) __NOTOC__ Kategorie:Ort in Kärnten

Skrty angielskie piesni hotels Prague Doda i Virgin WARSAW










































:: RELATED NEWS ::
شهریار پسر شروین
شهریار پسر شروین (درگذشتهٔ 210 ق / 725 م) از فرمانروایان شمال ایران بود. شهریار پسر شروین پسر سرخاب که به رسم گروگان نزد هارون الرشید - خلیفه عباسی - می‏زیست، پس از بیماری خلیفه، به نزد پدر بازگشت و با مرگ شروین، رشته کارها را در دست گرفت. پس از مرگ ونداد، پسر او قارن یار دی
دارا پسر رستم پسر شروین
دارا پسر رستم پسر شروین (درگذشتهٔ حدود 362 قمری/973 میلادی) از فرمانروایان شمال ایران بوده است. پس از مرگ شهریار پسر شروین، چون پسرش پیش از او درگذشته بود، برادرزاده‏اش دارا به حکومت نشست و هشت سال فرمان راند. ابن اسفندیار همچنین او را برادر مرزبان، صاحب عرب پیش و هنگام پیدایش اسلام:
- بنی ساعده
- بنی الارقم
- ازد
- مهره
-
باوندیان
باوَندیان یا آل باوند (45 - 750 ق / 665 - 1349 م) از دودمان‌های بومی ایرانی حاکم بر شمال ایران بوده‌اند. باوندیان از جمله دودمان‌های محلی بودند که در زمان خلفای عباسی، هنوز حکومتهای محدود و منطقه‏ای خود را حفظ کرده بودند، خاندان باوند بود که در این ایام، در جبال شروین از کوهستانهای شرقی طبرستان کسب قدرت کرد. در باب خاستگاه و تبار آنها در
باو
باوْ (درگذشتهٔ 60 ق / 680 م) پسر شاپور و نواده کیوس «کاووس» بنیانگذار دودمان باوندیان شاخه کیوسیان است که در شمال ایران فرمانروایی می‌کردند. وی در رکاب خسرو پرویز، چند بار به پیکار رفت و از توجه شاه برخوردار شود به حکومت طبرستان و آذربایجان منصوب گشت. چون شیرویه بر تخت نشست، او را به اصطخ
انقلاب بهمن ۱۳۵۷
انقلاب ۱۳۵۷ (خورشیدی) ایران، همچنین شناخته شده به انقلاب اسلامی، قیامی بود که با شرکت بعضی از اقشار مذهبی، کمونیستی، و روشن‌فکر ایران،
گلستان سعدی
گلستان کتابی است نوشتهٔ شاعر و نویسندهٔ معروف ایرانی سعدی شیرازی که در یک دیباچه و هشت باب به نثر مُسَّجَع (آهنگین) نوشته شده است. غالب نوشته‌های آن کوتاه و به شیوهٔ داستان‌ها و نصایح اخلاقی است.
- دیباچه
- باب اول - در سیرت پادشاهان
- باب دوّم - در اخلاق درویشان
- باب سوّم - در فضیلت قناعت
- باب چهارم - در فواید خاموشی
سیریوس بلک
سیریوس بِلَک پدر خواندهٔ هری پاتر است.او دوست صمیمی پدر هری، جیمز پاتر بوده است. او به اشتباه به جای دوست خائن جیمز پیتر پتی گرو، به زندان جادوگران آزکابان می رود. بعد از فرار به هری در باره زندگی‌اش توضیح می دهد. Category:هری پاتر
سبا
دُولَت سبأ از حکومت‌های باستانی منطقه یمن بوده است. مهم ترین و معروفترین دول و ممالک عربی دولت و مملکت سبأ بوده در آن دوران از تاریخ گذشته ی شبه‌جزیره عربستان. این دولت در جنوب د
دلدار
دلدار نام مستعار شاعر کرد یونس رئوف (1917-1948) است. وی در شهر کویه‌ در نزدیکی اربیل در کردستان عراق به‌ دنیا آمد. بعد از پایان دبیرستان در شهر