:: wikimiki.org ::
| Stalinist |
StalinistEin stalinist er ein tilhengar av stalinisme. Stalinistar kallar seg ikkje stalinistar sjølve, dei kallar seg kommunistar, marxist-leninistar og/eller maoistar. Maoismen (etter Mao Zedong) kan sjåast som ei kinesisk vidareføring av stalinismen etter avstaliniseringa i Josef Stalin sitt heimland, Sovjetunionen.
Kategori:Kommunisme
Stalinisme
Stalinisme er ei særskilt totalitær og valdeleg form for kommunisme. Den er knytta til den sovjetiske diktatoren Josef Stalin sitt namn, fordi denne varianten av kommunismen blei utvikla av han i dei åra han hadde makta i Sovjetunionen, frå slutten av 1920-åra til han døydde i 1953. Etter Stalins død har regima til Mao Zedong i Kina og Enver Hoxa i Albania hatt dei same kjennemerka. Det ultra-ekstreme regimet til Pol Pot i Kambodsja 1975-1979 kan kanskje også reknast med, men var så yttarleggåande at det er bortanfor stalinismen til og med, og er vanskeleg å kategorisere.
Stalinisme i Sovjetunionen
Stalin-regimet var eit personleg diktatur, med det politiske politiet, og ikkje kommunistpartiet, som den fremste reiskapen for makthavaren. Mange av partimedlemmene blei ramma av utreinskingar, og mange av dei utreinska blei skotne. Nokon har sagt at det var livsfarleg å vere kommunist under Stalin.
Regimet var prega av eit totalt fråvær av menneskelege omsyn. Dei store planane diktatoren hadde skulle gjennomførast, koste kva det koste ville. Den nødvendige industrialiseringa og moderniseringa av Sovjetunionen blei såleis gjennomført på det mest brutale vis, og delvis med middel som motverka måla. Tvangskollektiviseringa av jordbruket blei i store område ein rein krig mot bøndene, og særleg i Ukraina svalt mange i hel først på 1930-talet som følgje av den omsynslause politikken til regimet.
Sovjetunionen blei industrialisert, og var sterk nok til å slå tilbake Hitler-Tyskland i den andre verdskrigen. Denne artikkelforfattaren meiner den same styrken kunne vore oppnådd utan stalinismen, men det er sjølvsagt ein kontrafaktisk hypotese.
Etter 1953 kom det gradvis ei "avstalinisering" i Sovjetunionen. Dei fleste politiske fangane i arbeidsleirsystemet GULag blei sette fri. Det blei slutt på persondyrkinga og det blei eit visst rom for debatt på ulike område. Kulturlivet blei friare. Det blei satsa meir på forbruksvareproduksjon og ikkje berre maskinvare- og militær produksjon. Stalins etterfølgjar Nikita Khrustsjov skreiv i memoarane sine nokre år seinare at hans viktigaste innsats i utviklinga av det sovjetiske samfunnet var at han fekk fjerna frykten.
Det kommunistiske eittpartisystemet bestod likevel, og det same gjorde det sovjetiske imperiet. Forsøk på å bryte ut blei framleis slått ned, såleis i Ungarn i 1956 og Tsjekkoslovakia i 1968.
Kategori:Historie Kategori:Kommunisme
MarxistEin marxist er ein tilhengar av ideane til den tyske tenkjaren Karl Marx.
Marx meinte mellom anna at det er dei materielle kreftene i samfunnet som er basisen, og at tenkinga og andre ting i "overbygningen" spring ut av denne. Men samtidig verkar tilhøve i overbygningen tilbake på den materielle basisen i ein dialektisk prosess. Alle historiske samfunn har vore klassesamfunn, og klassekampen har derfor stått sentralt. Klassekampen i det moderne kapitalistiske samfunnet vil føre til at den stadig meir utarma arbeidarklassen når tida er inne tar over makta i samfunnet gjennom ein revolusjon og sosialiserer produksjonsmidla. Høgt utvikla produktivkrefter og sosialiserte produksjonsmiddel vil vere føresetnader for eit klasselaust samfunn, som da heller ikkje vil ha behov for noka eigentleg statsmakt.
Denne marxismen var grunnlaget for dei sosialistiske og sosialdemokratiske arbeidarpartia som voks fram i andre halvdelen av 1800-talet. Men Marx sjølv skal ha reagert mot dei som tok til å kalle seg "marxistar" i samtida hans, og skal ha sagt: "Eg er ikkje marxist!".
Blant dei som kalla seg marxistar, oppstod det etter Marx sin død ulike syn. Tyskaren Eduard Bernstein meinte ein måtte revidere Marx på enkelte område, særleg dette med utarminga av arbeidarklassen som han meinte ikkje stemte med røynda, og dette med revolusjon, som han meinte heldt på å bli unødvendig i og med utviklinga av demokratiet. Andre kalla Bernstein for revisjonist, og anklaga han for å ha forlate marxismen, men Bernstein sjølv meinte han framleis var marxist.
Blant dei som anklaga Bernstein for revisjonisme, var russaren Vladimir Lenin. Han meinte seg å stå for ortodoks marxisme, men i røynda reviderte han Marx sjølv, på eit svært vesentleg punkt. Marx hadde meint at kapitalismen måtte løpe lina ut før han kunne avskaffast, altså utvikle produktivkreftene maksimalt og syte for framvoksteren av ein stor og sterk arbeidarklasse. Men Lenin leidde sine bolsjevikar til makta i det tilbakeliggjande Russland i oktoberrevolusjonen i 1917, noko mensjevikane meinte var heilt i strid med marxismen.
Dei fleste som har eit forhold til Marx idag, meiner at han kan gi gode utgangspunkt for eiga tenking, men ikkje skal sjåast som ufeilbarleg, og at ideane hans slett ikkje kan vere ei altomfattande lære som gir svar på alle spørsmål. For mange sosialistar er det likevel viktig å halde fast på nokre av Marx sine idear, som at klasseperspektivet og spørsmålet om eigedommen må vere sentrale i sosialistisk tenking. Nokre sosialistar med eit forhold til Marx kallar seg marxistar, andre ikkje.
Kategori:Sosialisme
AvstaliniseringAvstalinisering er nemninga som har vore bruka for den endringsprosessen som skjedde i det sovjetiske samfunnet i åra etter diktatoren Josef Stalin døydde i 1953.
Straks Stalin var daud, blei det gitt amnesti til mange politiske fangar, straffelova blei handheva på ein mildare måte og matvareprisane sette ned.
I samband med den 20. partikongressen til Det sovjetiske kommunistpartiet i 1956 tok så førstesekretær Nikita Khrustsjov eit kraftig oppgjer i ein historisk tale: Stalin hadde skaffa seg eineveldig makt og heva seg over partiet og lovene, fremja ei grotesk persondyrking, drive ein terrorkampanje som ramma mange uskuldige og ærlege kommunistar gjennom dei falske "Moskva-prosessane", drive kollektiv avstraffing gjennom å tvangsflytte heile folkeslag.
Khrustsjov avgrensar seg likevel til ein kritikk av personen Stalin, han prøver ikkje å analysere dei samfunnsmessige årsakene til stalinismen. Det ville nok ha trødd for mange i parti- og statsbyråkratiet for nær, og ville vore som å innrømme at Stalins rival frå 1920-åra, Lev Trotskij, hadde hatt rett. Khrustsjov sjølv hadde jo vore stalinist i si tid.
Talen var ikkje offentleg, men innhaldet blei likevel raskt kjent, både i Sovjetunionen og i utlandet.
I dei sovjetdominerte landa i Aust-Europa førte oppgjeret i Moskva til at mange fekk von om betre og friare tilhøve, og det braut ut folkelege oppreistar i Polen og Ungarn. I Polen fekk kommunistpartiet ny leiing, med den moderate Gomulka i brodden, og ting roa seg. I Ungarn fekk partiet au ny leiar, men Imre Nagy greidde ikkje å kontrollere situasjonen, det blei kravd utmelding av Warszawapakta, og det enda i harde kampar mellom ungarske patriotar og sovjetiske soldatar og mykje blodspille. Den sovjetinnsette Janos Kadar viste seg likevel på litt sikt å vere ein svært moderat kommunist, som skapte den avslappa "gulasj-kommunismen".
Uroa i Aust-Europa førte til eit forsøk frå meir stalinistiske krefter på å avsetje Khrustsjov, men det lyktest ikkje. Avstaliniseringa heldt fram, med fleire omfattande amnesti for politiske fangar, reduksjon av dei enorme sosiale skilnadene frå Stalin-tida, sosiale tiltak som betre pensjonar og meir bustadbygging og sist men ikkje minst avskaffing av dei brutale arbeidslivslovene.
På den 22. partikongressen i 1961 kom Khrustsjov med klar fordømming av Stalin i ein open tale. No blei liket av diktatoren fjerna frå Lenin si side i mausoleet på Den Raude Plassen, statuar av han fjerna i heile Austblokka, byar og gater omdøypte.
Khrustsjov blei nedstemt og måtte gå frå makta som førstesekretær og statsminister i 1964. Men på dei vel ti åra sidan Stalin døydde, hadde mykje endra seg. Frykten prega ikkje lenger samfunnet, og levestandarden for vanlege folk var monaleg betra.
Berre i Kina og Albania blei Stalin framleis dyrka som ein helt.
Kategori:Russisk historie Kategori:Kommunisme
SovjetunionenSovjetunionen, eller Sambandet av Sosialistiske Sovjet-Republikkar (SSSR, med russiske bokstavar CCCP), var det offisielle namnet sidan 1922 på den statsdanninga som var resultatet av den bolsjevikiske (kommunistiske) revolusjonen i Russland i 1917. Frå 1917/18 til 1922 var den viktigaste og største delen av landet den Russiske Sosialistiske Føderative Sovjet-Republikken RSFSR, og med meir eller mindre friviljug tilslutning frå den kviterussiske, ukrainske og andre SSRar, blei så Sovjetunionen oppretta. Sovjetunionen blei oppløyst i 1991.
Land som har vore sovjetiske delrepublikkar
- Armenia
- Aserbajdsjan
- Estland
- Georgia
- Kviterussland
- Kasakhstan
- Kirgisistan
- Latvia
- Litauen
- Moldova
- Russland
- Tadsjikistan
- Turkmenistan
- Ukraina
- Usbekistan
Sovjetiske statsleiarar
- Mikhail Gorbatsjov (1985-1991) ville demokratisere Sovjetunionen, men vart avsett, og staten vart oppløyst.
- Konstantin Tsjernenko (1984-1985) sat i knappe 13 månadar.
- Jurij Andropov (1982-1984) sat i 16 månadar.
- Leonid Bresjnev (1964-1982) Auka satsing på romfart og militær makt. Stabilitet, men etter kvart stagnasjon for det sivile samfunnet.
- Nikita Khrusjtsjov (1953-1964) Oppmjuking, auka levestandard og tilnærming til Vesten. Han vart avsett.
- Josef Stalin (1924-1953) vart diktator og leidde Sovjet under andre verdskrigen.
- Vladimir Iljitsj Lenin (1922-1924) var grunnleggjar av Sovjetunionen, men vart etter kvart sjuk og døydde.
Sjå òg
- Russisk historie
- Den russiske revolusjonen
- Kommunisme
- Bolsjevisme
- Lev Trotskij
Kategori:Kommunisme
Kategori:Russisk historie
Kategori:Sovjetunionen
Kategori:Tidlegare land i Europa
Kategori:Tidlegare land i Asia
nb:Sovjetunionen
ko:소비에트 연방
ja:ソビエト連邦
nb:Sovjetunionen
simple:Soviet Union
HarrowdaleHarrowdale, in J. R. R. Tolkien's fictional universe of Middle-earth, is the name given to the deep north-south valley cut out of the White Mountains by the Snowbourn River. At its southern end, beneath the mountain known as the Starkhorn, stood Dunharrow, a great refuge of the Rohirrim. At its northern end, where the Snowbourn issued onto the plains of Rohan, stood that nation's capital, Edoras.
Category:Realms of Middle-earth
slots oszust gry sportowe online slots thrifty car rental
|
|
|
| :: RELATED NEWS :: |
|
|
Papillomas
Papilloma refers to a benign epithelial tumor. In this context Papilla refers to the projection created by the tumor, not a tumor on an already existing papilla (such as the nipple.)
When used without context, it frequently refers to infections caused by Human papillomavirus. However, there are other conditions that cause papilloma, such as | |