:: wikimiki.org ::
| Manger |
MangerManger er namnet på ein tettstad i Radøy kommune, på eit prestegjeld i Radøy kommune og på eit sokn i det prestegjeldet, og det var tidlegare namnet på ein norsk kommune i Nordhordland.
Bygda og tettstaden Manger
Manger er ein tettstad som er kommunesenter i Radøy kommune i Hordaland fylke. Staden ligg vest på Radøya. Riksveg 56 går gjennom staden.
Manger folkehøgskule som mellom anna har musikklinje spesialretta for messingblåsarar og slagverkarar ligg i bygda, og saman med mellom andre Manger Musikklag har det vore medverkande til at det har utvikla seg eit rikt korpsmusikkliv i området.
Prestegjeldet og kyrkjesoknet Manger
Manger er eit prestegjeld i Nordhordland prosti i Bjørgvin bispedøme i Den norske kyrkja. Prestegjeldet famnar same område som Radøy kommune, og har tre sokn; Hordabø, Manger og Sæbø. Desse sokna tilsvarar stort sett dei tre tidlegare kommunane med same namn. Det er fire kyrkjer i prestegjeldet; Hordabø kyrkje, Manger kyrkje, Sæbø kyrkje og Emigrantkyrkja på Sletta. I tillegg er prestegjeldet medeigar i Fjon fjellkyrkje.
Den tidlegare kommunen Manger
Manger vart eigen heradskommune frå 1838 i samsvar med formannskapslovene av 1837.
Etter kvart vart sokna Herdla, Hjelme, Sæbø og Hordabø delt i frå til eigne sjølvstendige heradskommunar. Ved kommunesamanslåinga gjeldande frå 1964 gjekk Manger kommune inn i den nye Radøy kommune, saman med kommunane Sæbø og Hordabø. Kommunen låg i Nordhordland, og før kommunesamanslåinga i 1964 grensa dåverande Manger mot Hordabø kommune i nord, til Lindås i aust, til Sæbø i sør og til Hjelme kommune i vest.
Kjelder
- [http://www.ssb.no/emner/02/01/10/beftett/tab-2005-06-03-01.html Statistisk sentralbyrå: Tettstadar. Folkemengd og areal, etter kommune. 1. januar 2005]
- [http://www.mangerprestegjeld.no/ Manger Prestegjeld sine nettsider.]
kategori:Tidlegare norske kommunar
Kategori:Hordaland
Kategori:Tettstader i Hordaland
Kategori:Bjørgvin bispedøme
Kategori:Radøy
TettstadEin tettstad er eit område der fleire menneske bur tett saman, utan at det er stort nok til å kallast ein by. Statistisk sentralbyrå definerer ein tettstad som ei samling hus der det bur minst 200 personar, det vil seie rundt 60-70 bustadhus, og der avstanden mellom husa normalt ikke er meir enn 50 meter.
Somme større tettstader har i nyare tid, etter at den statleg bestemte formelle minstegrensa for folketal vart oppheva, begynt å kalle seg byar. Såleis til dømes Åndalsnes i Rauma kommune. Andre har valt å la vere, såleis til dømes Sunndalsøra etter ei folkerøysting om saka i Sunndal kommune. Derfor finst det idag tettstader som er større enn byar her i landet.
Tettstad er eit særnorsk omgrep som skildrar norsk busetjing. Medan land elles i Europa har hatt tradisjonar for at folk har budd tett saman i landsbyar, har norske bønder budd spreidd utover. Fleire tettstadar er derfor vakse til nokså nyleg.
Tettstader i andre land
I dei fleste andre europeiske land er det næraste ein kjem tettstaden landsby på ulike språk. Desse er som regel klumpa tettare saman enn den typiske tettstaden, gjerne rundt ei kyrkje eller eit anna samlingspunkt.
I Storbritannia kallar ein tettbebygging på landet ein village, dersom han har ei kyrkje, eller ein hamlet dersom han er litt mindre og ikkje har det. I USA kallar ein det meste av tett busetting, også svært små stader, small towns.
Kategori:Geografi
Kategori:Tettstader i Noreg
Radøy
Radøy er ein kommune og ei øy i Hordaland fylke, i Nordhordland. Kommunen grensar i aust til Lindås kommune, over fjordane som ellers omgir Radøy, ligg Meland i sør, Øygarden i vest og Austrheim i nord.
I 1964 vart dei tidlegare kommunane Manger, Sæbø og Hordabø slegne saman til Radøy kommune. I tillegg kom Bognøy frå tidlegare Herdla herad, Straume krins med Fesøy frå Austrheim herad og Sletta krins frå Lindås herad. Titland som tidlegare hadde høyrt til Sæbø, vart overført til Lindås kommune.
Vestnorsk Utvandringssenter ligg på Sletta på Radøy.
Kommunevåpenet
Motivet på kommunevåpenet symboliserar båtfunnet på Mangersnes, eit av dei eldste funna av småbåtar i Noreg, og er to svarte keipar på gul botn. Kommunevåpenet er teikna av Even Jarl Skoglund og vart godkjent ved kongeleg resolusjon 14. juni 1991.
Kategori:Norske øyar
Kategori:Kommunar i Hordaland
Kategori:Radøy
Kategori:Øyar i Hordaland
SoknEit sokn er den lågaste forvaltingseininga innanfor kyrkja i land som Norge og Danmark. Oftast dannar fleire sokn eit prestegjeld.
I Den katolske kyrkja er eit sokn den lågaste juridiske einiga. Lågare einingar, messestader og kapelldistrikt, er alltid underlagt eit sokn og ein sokneprest, men kan likevel ha eit visst sjølvstyre.
kategori:administrative område
kategori:kyrkja
nb:sogn
Nordhordland:Sjå òg avisa Nordhordland
Nordhordland er eit landskap nord i Hordaland fylke. Nordhordland Reiselivslag definerer Nordhordland til å omfatta kommunane Meland, Lindås, Radøy, Austrheim, Fedje og Masfjorden. Knarvik er den største tettstaden i området. Området grensar opp mellom anna til kommunane Gulen og Modalen. Ofte vert desse kommunane rekna med i regionen Nordhordland. Eit mykje brukt namn på folket i Nordhordland og Midthordland er «stril».
Ivar Medaas og Åslaug Låstad Lygre er to viktige kulturpersonlegdomar frå Nordhordland.
Eksterne lenkjer
- [http://visitnordhordland.no Nordhordland Reiselivslag, turistinformasjon]
kategori:Hordaland
kategori:Norske landskap
TettstadEin tettstad er eit område der fleire menneske bur tett saman, utan at det er stort nok til å kallast ein by. Statistisk sentralbyrå definerer ein tettstad som ei samling hus der det bur minst 200 personar, det vil seie rundt 60-70 bustadhus, og der avstanden mellom husa normalt ikke er meir enn 50 meter.
Somme større tettstader har i nyare tid, etter at den statleg bestemte formelle minstegrensa for folketal vart oppheva, begynt å kalle seg byar. Såleis til dømes Åndalsnes i Rauma kommune. Andre har valt å la vere, såleis til dømes Sunndalsøra etter ei folkerøysting om saka i Sunndal kommune. Derfor finst det idag tettstader som er større enn byar her i landet.
Tettstad er eit særnorsk omgrep som skildrar norsk busetjing. Medan land elles i Europa har hatt tradisjonar for at folk har budd tett saman i landsbyar, har norske bønder budd spreidd utover. Fleire tettstadar er derfor vakse til nokså nyleg.
Tettstader i andre land
I dei fleste andre europeiske land er det næraste ein kjem tettstaden landsby på ulike språk. Desse er som regel klumpa tettare saman enn den typiske tettstaden, gjerne rundt ei kyrkje eller eit anna samlingspunkt.
I Storbritannia kallar ein tettbebygging på landet ein village, dersom han har ei kyrkje, eller ein hamlet dersom han er litt mindre og ikkje har det. I USA kallar ein det meste av tett busetting, også svært små stader, small towns.
Kategori:Geografi
Kategori:Tettstader i Noreg
KommunesenterAdministrasjonssenter blir brukt som nemning på ein stad der tenesteyting, avgjerdstaking og administrasjon er samla. Ofte er det snakk om ein geografisk lokalitet, t.d. eit kommunesenter, men kan også brukast om eit organisasjonsledd som har ein eller fleire av desse funksjonane.
Kategori:Administrative område
KommuneEin kommune er eit mindre administrativt område i fleire land. Ordet «kommune» kjem av fransk commune, som blei til under den franske revolusjonen. Commune kjem igjen frå latinsk communia til communis. Det latinske ordet tyder ‘felles’ eller ‘sams’.
I Noreg er det to typar kommunar, (primær)kommunar og fylkeskommunar.
Eit ord som har vore mykje nytta på norsk i staden for kommune er «herad» (nynorsk) eller «herred» (bokmål).
-
Kategori:Administrative område
Hordaland
Sjå og Avisa Hordaland
----
Hordaland er ein norsk fylkeskommune, som grensar mot Sogn og Fjordane, Buskerud, Telemark og Rogaland. Bergen er sete for administrasjonen til fylkeskommunen. Bergen by gjekk inn i Hordaland fylke i samband med store kommunesamanslutninger i 1972. Dei tidlegare kommunane Bergen, Arna, Fana, Laksevåg og Åsane vart saman til ein kommune som fekk namnet Bergen. Frå same tid vart det slutt på at Bergen var eige fylke.
Fylkesvåpen
Symbolet i Hordaland fylkeskommune sitt fylkesmerke (våpen) er to krosslagde økser med ei krone over. Våpenet er laga etter eit segl funne etter Olavsgildet på Onarheim i Tysnes.
Distrikt
Hordaland fylke vert i mange samanhengar delt opp i innlandsdistrikt og kystdistrikt. Innlandsdistrikt er Hardanger og Voss. Kystdistrikta er Sunnhordland, Nordhordland og Midthordland.
Namn
Før 1919 var namnet på Hordaland fylke "Søndre Bergenhus amt". Namnet "Hordaland" kjem av folkenamnet Horðar. Horðar er ei avleiing av av det germanske ordet for skog, harud. "Harudane" tyder altså skogfolket. Det norske namnet var hordane. Hordane kom til Vestlandet , og busette seg mest på Bergenshalvøya. Namn som Hordnes, Hordvik og Hordamuseet kjem av folket hordane.
Anna
- Fylkesblomst for Hordaland er kusymre.
- Fylkesstein for Hordaland er Koronitt.
- Fylkesfugl for Hordaland er Kvitryggspetten.
Bryggen i Bergen står på UNESCO si verdsarvliste for kulturarv
Litteratur
- Brekke, Nils Georg (red): Kulturhistorisk vegbok Hordaland, Bergen 1993. ISBN 8273260267
- Helland-Hansen, William (red): Naturhistorisk vegbok Hordaland, Bergen 2004. ISBN 8273260615
Eksterne lenker
- [http://www.fylkesmannen.no/fmt_hoved.asp?gid=1166&aid=&tgid=1127&amid=&g1166=x&g1127=x Fylkesmannen i Hordaland]
- [http://hordaland.kulturnett.no/ Kulturnett Hordaland]
- [http://www.miljostatus.no/hordaland/ Miljøstatus i Hordaland]
- [http://www.visithordaland.no/ Turistinformasjon for Hordaland]
- [http://www.hordalandreiseliv.no/visartikkel.asp?id=37 Hordaland Reiseliv]
- [http://www.hordarkiv.hl.no/ Interkommunalt arkiv i Hordaland]
Kategori:Fylke i Noreg
Kategori:Vestlandet
Radøy
Radøy er ein kommune og ei øy i Hordaland fylke, i Nordhordland. Kommunen grensar i aust til Lindås kommune, over fjordane som ellers omgir Radøy, ligg Meland i sør, Øygarden i vest og Austrheim i nord.
I 1964 vart dei tidlegare kommunane Manger, Sæbø og Hordabø slegne saman til Radøy kommune. I tillegg kom Bognøy frå tidlegare Herdla herad, Straume krins med Fesøy frå Austrheim herad og Sletta krins frå Lindås herad. Titland som tidlegare hadde høyrt til Sæbø, vart overført til Lindås kommune.
Vestnorsk Utvandringssenter ligg på Sletta på Radøy.
Kommunevåpenet
Motivet på kommunevåpenet symboliserar båtfunnet på Mangersnes, eit av dei eldste funna av småbåtar i Noreg, og er to svarte keipar på gul botn. Kommunevåpenet er teikna av Even Jarl Skoglund og vart godkjent ved kongeleg resolusjon 14. juni 1991.
Kategori:Norske øyar
Kategori:Kommunar i Hordaland
Kategori:Radøy
Kategori:Øyar i Hordaland
SoknEit sokn er den lågaste forvaltingseininga innanfor kyrkja i land som Norge og Danmark. Oftast dannar fleire sokn eit prestegjeld.
I Den katolske kyrkja er eit sokn den lågaste juridiske einiga. Lågare einingar, messestader og kapelldistrikt, er alltid underlagt eit sokn og ein sokneprest, men kan likevel ha eit visst sjølvstyre.
kategori:administrative område
kategori:kyrkja
nb:sogn
HeradHerad, norsk ord mest nytta i nynorsk skriftmål. Bokmålsforma er "herred". Forma herred er òg nytta i samanstillinga "herredskommune".
Ordet "herad" kjem frå norrønt herað; som igjen har samanheng med ordet hær. Ei tyding av ordet er "bygd", som i namna "Krødsherad" og "Kvinnherad". Ei anna tyding av ordet er frå mellomalderen, særleg på Austlandet, der det kan tyde tingkrins med særskilt heradsting.
Ei tredje tyding er frå 1863, der eit herad er eit fast avgrensa geografisk område på landet som blir administrert som ei eining og med lokalt sjølvstyre; ein landkommune. Skiljet mellom by- og heradskommune vart oppheva i kommunelova av 25. september 1992.
Nokre norske kommunar nyttar nemninga "herad" i staden for kommune i det offisielle namnet sitt:
- Granvin herad
- Kvam herad
- Ullensvang herad
- Ulvik herad
Kategori:Administrative område
FormannskapsloveneFormannskapslovene var to lover som vart vedtekne 14. januar 1837 og som vart gjort gjeldande frå 1. januar 1838. Med formannskapslovene vart folkevalde styringsorgan introdusert både i fylka (amta) og kommunane (formannskapa).
Formannskapet
Lovene la den kyrkjelege administrative inndelinga til grunn for organiseringa av lokalstyret, difor vart det ofte eit formannskap i kvart prestegjeld. Besto eit prestegjeld av fleire sokn, skulle kvart av disse velje sine formenn og representantar. Formannskapslovene av 1837 vart seinare avløyst av nye kommunelover som vart vedtekne i åra 1921, 1938 og 1954.
Seinare på 1800-tallet vart det vanleg å kalle formannskapa for herad og på 1900-tallet vart kommune det vanlegaste omgrepet.
Amtet
Allereie ved lova av 1837 fekk landkommunane sitt «amtsformannskap.»
Amtstinget, som det snart vart heitande, sett saman av ordførarane frå kommunane i amtet.
Frå 1850-tallet fekk amtskommunane nye store oppgåver, som ansvar for sjukehusa, dei vidaregåande skulene og vegtilsynet i amtet.
I 1919 endra amtstinget namn til fylkesting, men valordninga til fylkestinget var i det vesentlege uendra frå fylkesdemokratiet vart innført i 1838 og fram til valet i 1964: Fylkestinget var og samansett av ordførarane i heradskommunane.
I 1961 kom ei eiga lov for fylkeskommunane. Fra 1963, då denne nye fylkeskommunelova tok til å gjelde, kom også byane med i fylkeskommunen,
og fylkestingsrepresentantane vart frå då av valde av kommunestyra.
I 1976 vart direkteval til fylkesting innført.
I 1992 vart det vedteke ei felles lov for kommunar og fylkeskommunar. Denne vert ofte kalla kommunelova.
Eksterne lenkjer
- [http://odin.dep.no/odinarkiv/norsk/norges_off_utredn/1997/036005-020007/index-hov003-n-f-a.html ”Kommunesektorens finansiering fra 1837 til i dag” (fra Odin)]
- [http://odin.dep.no/odinarkiv/norsk/norges_off_utredn/1995/036005-020002/index-hov004-n-f-a.html ”Kommunal virksomhet - organisering innenfor kommunelovens system - gjeldende
nb:Formannskapslovene
Kategori:Norske lover
Kategori:Norsk samfunn
HerdlaHerdla er ei øy i nordenden av Askøy kommune i Hordaland fylke. Den 1,6 km² store øya ligg tre mil frå Kleppestø og Askøybrua.
Herdla er det rikaste fugleområdet i Hordaland med 224 registrerte fugleartar fram til 2003. Det særmerkte og produktive sjø- og våtmarksområdet på Herdla førte til at eit område på 3,1 kvadratkilometer vart sett av som eit freda område i 1985. Området er ein del av det 1,3 kvadratkilometer store naturreservatet som omfattar Herdlevalen og strendene rundt denne. Naturreservatet er med på å gjera Herdla til eit viktig reisemål.
Herdla flyplass og fort
Herdla flyplass vart bygd av den tyske okkupasjonsmakta under den andre verdskrigen. Den flate Herdlevalen eigna seg til å byggja ein flybase, og Herdla var den viktigaste flyplassen mellom Stavanger lufthamn, Sola og Trondheim lufthamn, Værnes. Bergen lufthamn, Flesland vart ikkje opna før i 1955. Flybasen på Herdla var viktig i forsvaret av ubåtbyen Bergen. Tyskarane bygde og opp Herdla fort, inkludert torpedobatteri Hjelte. Herdla vart kalla «Festung Herdla», og alle sivile måtte i løpet av krigen flytta frå øya. Då innbyggjarane kom tilbake i 1945 var det eit enormt oppryddingsarbeid som stod for døra.
Herdla herad (kommune) 1871 - 1964
Herdla vart 1. januar 1871 skild ut frå Manger som eigen kommune med namnet «Herdla herad» eller «Herlø kommune». Det administrative setet vart lagt til Herdla øy. I kommunen var om lag 2000 øyar, holmar og båer. Til saman utgjorde dette 114 kvadratkilometer. Berre 10 kvadratkilometer var jordbruksareal. Fiske var viktigaste næringsvegen. Ca. 5000 menneske budde i kommunen då han vart oppløyst frå 1. januar 1964. Øygarden kommune vart skipa, Misje og Turøy vart lagde til Fjell kommune på Sotra. Området Kjerrgarden-Herdla vart lagde til Askøy kommune og Eikeland-Husebø til Meland kommune. Bognøy vart lagd til Radøy kommune. Herdla kyrkje har lange tradisjonar, og var kyrkje for store delar av gamle Herdla herad.
Litteratur
- Benonisen, Per: Askøy - Herdla - Meland kommuner : grenserevisjoner og revisjonsønsker 1919-1964, Hovedoppgave i historie - Universitetet i Bergen, 1995.
- Skjelanger, Torstein (red): Herdla kommunesoge : 1870-1963, Herdla 1971.
- Sælensminde, Ole Bjørn: Herdla : fra fredelig bygd til krigsskueplass, Kleppestø 2001.
- Virkesdal, Erling: Herdla : den spesielle øya, Kleppestø 2002.
Eksterne lenker
- [http://museumsnett.no/herdlamuseum/ Herdla museum]
- [http://www.herdlagolf.no/ Herdla golfklubb]
- [http://www.gjestehuset.no/ Herdlevågen gjestehus]
- [http://www.herdla.no/norsk/ Herdla Ferie & Fritid]
kategori:Askøy
kategori:Øyar i Hordaland
kategori:Norske øyar
kategori:Tidlegare norske kommunar
HjelmeHjelme er eit sokn i Øygarden prestegjeld. Gamle Hjelme kyrkje vart bygd i 1875.
Hjelme vart eigen heradskommune frå 1910, då han vart skilt ut frå Manger heradskommune. Fram til 1912 var namnet Hjelmen. Då vart det ved kongeleg resolusjon av 5. november 1912 endra til Hjelme. Ved kommunesamanslåinga i 1964 gjekk Hjelme kommune inn i den nye Øygarden kommune. Kommunen låg i Nordhordland, og før kommunesamanslåinga i 1964 grensa Hjelme i sør og sørvest til Herdla kommune og i aust til Manger. I nordvest ut mot Nordsjøen grensa Hjelme til Fedje kommune. I vest grensa kommunen mot Nordsjøen og havet.
kategori:Tidlegare norske kommunar
Kategori:Hordaland
1964 Hendingar
Utlandet
- 1. januar: Nyasaland og Nord-Rhodesia gjekk ut av unionen med Sør-Rhodesia og blei til dei uavhengige statane Malawi og Zambia.
- 5. januar: Det første møtet mellom leiarar for den katolske og den ortodokse kyrkja sidan 1400-talet fann stad i Jerusalem mellom pave Paul VI og patriarken Athenagoras I.
- 9. januar: Væpna konflikt mellom militære frå USA og panamanske opprørarar i sonen rundt Panamakanalen førte til ei stor internasjonal krise og 25 døde.
- 31. mars: President João Goulart blei avsett av militæret og Brasil såg byrjinga på eit 21 år langt diktatur.
- 26. april: Tanganyika og Zanzibar gjekk i union og blei Tanzania.
- 24. mai: Opptøyar i folkemengden mot dommaren i ein fotballkamp i Lima i Peru. 300 tilskodarar blei klemt i hel.
- 21. september: Malta fekk sjølvstende frå Storbritannia.
Noreg
- 2. mars: Femkronesetlane blei erstatta med mynter
- 4. april: Ridderrennet blei arrangert for første gong
- 4. mai: Retten til fri religionsutøving blei grunnlovsfesta
- 14. september: Langnes flyplass, Tromsø åpna
- 1. desember: Omsetningsavgifta auka frå 10 til 12 prosent
- 10. desember: Amnesty International Norsk Avdeling blei skipa
- Rundt ein fjerdedel av dei norske kommunane forsvann gjennom storstilde kommunesamanslåingar
Fødde
- 7. januar: Nicolas Cage, amerikansk skodespelar
- 27. januar: Bridget Fonda, amerikansk skodespelar
- 20. mars: Natacha Atlas, belgisk songar
- 30. mars: Tracy Chapman, amerikansk songar
- 3. april: Bjarne Riis, dansk syklist, vann Tour de France i 1996
- 26. mai: Lenny Kravitz, amerikansk songar og musikar
- 8. september: Joachim Nielsen, norsk rockemusikar.
- 3. oktober: Jostein Flo, norsk fotballspelar.
Døde
- 17. januar: T.H. White, britisk forfattar
- 5. april: Douglas MacArthur, amerikansk general
- 14. april: Rachel Carson, amerikansk biolog og miljøforkjempar
- 27. mai: Jawaharlal Nehru, indisk politikar
- 18. juni: Egil Rasmussen, norsk forfattar
- 12. juli: Gunnar Reiss-Andersen, norsk forfattar
- 12. august: Ian Fleming, britisk forfattar
- 20. oktober: Herbert Hoover, amerikansk politikar
- 14. desember: Carl J. Hambro, norsk politikar
Nordhordland:Sjå òg avisa Nordhordland
Nordhordland er eit landskap nord i Hordaland fylke. Nordhordland Reiselivslag definerer Nordhordland til å omfatta kommunane Meland, Lindås, Radøy, Austrheim, Fedje og Masfjorden. Knarvik er den største tettstaden i området. Området grensar opp mellom anna til kommunane Gulen og Modalen. Ofte vert desse kommunane rekna med i regionen Nordhordland. Eit mykje brukt namn på folket i Nordhordland og Midthordland er «stril».
Ivar Medaas og Åslaug Låstad Lygre er to viktige kulturpersonlegdomar frå Nordhordland.
Eksterne lenkjer
- [http://visitnordhordland.no Nordhordland Reiselivslag, turistinformasjon]
kategori:Hordaland
kategori:Norske landskap
Lindås
Lindås er ein kommune i Hordaland fylke, i Nordhordland. Lindås vart eigen heradskommune frå 1838 i samsvar med formannskapslovene av 1837.
Kommunen grensar etter 1964 i nord mot Masfjorden og Modalen, og i vest mot Austrheim og Radøy. Andre nabokommunar er det ikkje landgrense mot, men over fjordar eller tronge sund vert Lindås omgjeve av kommunane Gulen i nord, Vaksdal og Osterøy i øst, Bergen i sør, og Meland i vest.
Lokalaviser som dekkjer kommunen er Strilen og Nordhordland (avis). Regionavisa Bergens Tidende har noko stoff frå kommunen.
Kjende personar frå Lindås kommune
- Ivar Medaas, visesongar, musikar, revyskodespelar
- Aslaug Låstad Lygre, lyrikar
- Erlend Sellevold, musikar i Ralph Myerz And The Jack Herren Band
På verdsveven
- [http://www.ssb.no/kommuner/region.cgi?nr=12 Kommunefakta Hordaland frå Statistisk Sentralbyrå]
-
Kategori:Kommunar i Hordaland
Kategori:Nordhordland
Jussi Bjoerling
(5 February 1911 – 9 September 1960) was a Swedish tenor and one of most highly regarded opera singers of the 20th century. Björling was one of the few non-Latin tenors to rival the Italian dominance of the opera world at that time.
Björling was born in Borlänge. He studied singing with his father, David, an accomplished vocalist, and made his debut public appearance at the age of four with the Björling Male Quartet. The group performed in concerts throughout Sweden and the United States for eleven and a half years.
Björling made his professional operatic debut as the Lamplighter in Manon Lescaut at the Royal Swedish Opera in Stockholm in 1930. This was soon followed by Don Ottavio in Mozart's Don Giovanni, Arnoldo in Rossini's William Tell and Almaviva in Rossini's The Barber of Seville. This in turn led to engagements in Europe and the USA. Björling made his American concert debut in a Carnegie Hall in 1937; the following year, he made his debut at the Metropolitan Opera as Rodolfo in La bohème.
Björling went on to become one of the principal singers at the Metropolitan Opera during the 1940s and 1950s (with an interruption during World War II). He sang many major tenor roles in operas in the French and Italian repertoire, including Il Trovatore, Rigoletto, Aida, Un Ballo In Maschera, I Pagliacci, Cavalleria Rusticana, Faust, Romeo & Juliet, La Boheme, Tosca and Manon Lescaut. Many of his recordings of these roles are still considered the best by any tenor in this repertoire. In December, 1940, Arturo Toscanini invited him to sing the tenor part in Beethoven's Missa Solemnis in New York, a recording of which exists. He also performed the Verdi Requiem under Toscanini in 1939 in Lucerne, Switzerland, and in November 1940 in New York.
Björling was much admired for his innate musicality and his seemingly effortless technique. His main weakness was considered his limited acting abilities, but at that time operatic acting was not considered a negative. He was known as the "Swedish Caruso". His son, Rolf, a successful tenor in his own right (although not at the level of his famous father), and his grandson, Raymond are inheritors of the "sound".
On March 15, 1960, Björling suffered a heart attack before a performance at London's Royal Opera House, Covent Garden. He died of heart-related causes six months later in Sweden at the age of forty-nine.
External links
- [http://www.jussibjorlingsociety.com/ The Jussi Björling Society]
- [http://www.borlange.se/kommun/jussi/ Jussi Björling Museum] (Swedish and English)
- [http://www.grandi-tenori.com/tenors/bjorling.php Jussi Björling profile]
See also: List of Swedes in music
Björling, Jussi
Björling, Jussi
Björling, Jussi
Björling, Jussi
domeny Stockholm hotel Gry zbiorniki tworzywowe online casinos
|
|
|
| :: RELATED NEWS :: |
Wikipedia:Votes for deletion/Jim Robinson
Link to Talk Page on disputed decision
|
|
Wikipedia:Votes for deletion/LD distributors
|
|
Wikipedia:Votes for deletion/Kim Jong Lee
| |