Home About us Products Services Contact us Bookmark
:: wikimiki.org ::
Latin-Amerika

Latin-Amerika

Latin-Amerika er dei landa i verdsdelen Amerika der fleirtalet av menneske talar anten spansk (kastiljansk) eller portugisisk, begge romanske språk som er etterkommarar etter latin. Latin-Amerika omfattar heile Sør-Amerika unntatt tre små land rett nord om Brasil, "dei tre Guyanaene", heile Sentral- eller Mellom-Amerika, den sørlegaste delen av Nord-Amerika (Mexico) og nokre av øyane i Mexico-bukta/Karibia. Desse landa tilhører etter dette Latin-Amerika: Mexico, Puerto Rico, Den Dominikanske Republikken, Cuba, Guatemala, Honduras, El Salvador, Nicaragua, Costa Rica, Venezuela, Columbia, Ecuador, Bolivia, Chile, Argentina, Paraguay, Peru, Uruguay, Brasil. I alle desse landa talar folk flest spansk, unntatt i det største og folkerikaste, Brasil, der dei talar portugisisk. Kategori:Geografiske område Kategori:Amerika zh-min-nan:Latin Bí-chiu ko:라틴 아메리카 ja:ラテンアメリカ simple:Latin America th:ละตินอเมริกา

Spansk

#omdiriger Spansk språk

Latin

Latin høyrer til den italiske greini av indoeuropeiske mål. Upphavleg vart latin tala av latinarane, eit bonde- og gjætarfolk i umrådet Latium, der Roma vart den førande byen. Med nye landvinningar breidde latinen seg utyver Italia, og sidan til mange av umrådi kring Millomhavet. Dei eldre måli der vart trengde ut, og latinen liver vidare i dei romanske måli i dag. Etter at Romarriket braut saman, var latin gjennom heile millomalderen og langt fram i nyare tid lingua franca for dei lærde i Vest-Europa; som tradisjonsmål for Den katolske kyrkja er det framleis offisielt mål i Vatikanstaten. I nyare tid har latin - saman med gresk - vorte nytta til nylaga ord innan vitskap.

Trekk ved språket

Latin er eit syntetisk språk, dvs. at bøyingsendingar syner kva funksjon eit ord har i setningi, medan ordstillingi er rimeleg fri. Substantiv vert delte inn i fem deklinasjonar, og bøygde i tal (eintal og fleirtal) og kasus (nominativ, vokativ, akkusativ, genitiv, dativ og ablativ). Adjektiv og pronomen samsvarar i kyn, tal og kasus med subsantivi dei står til. Verbi vert delte inn i fire konjugasjonar, med eigne endingar for kvar person i eintal og fleirtal. I motsetnad til norsk, som berre har tvo finitte tempus, nyttar latin langt færre hjelpeverb.

Latin som talemål

Den latinen som vart tala i Romarriket blir kalla Vulgærlatin, og var ikkje identisk med målet Cicero, Cæsar og andre forfattarar skreiv. Med tidi oppstod regionale skilnader, og me fekk dei moderne romanske språki. Dei fyrste grammatikkane for moderne romanske språk var for provencalsk og katalansk, skrivne på 1200-talet. Jamsides med denne utviklingi, fortsette dei lærde å nytta latin i skrift og tale. Uttala av latinen fylgde helst dei nasjonale måli, og samsvarte ikkje med klassisk latin.
-
Kategori:Indoeuropeiske språk Kategori:Romarriket als:Latein zh-min-nan:Latin-gí ko:라틴어 ja:ラテン語 simple:Latin language th:ภาษาละติน

Brasil

Brasil er den største staten i Sør-Amerika både i flatevidd, folketal og bruttonasjonalprodukt. Landet grensar til alle andre statar i Sør-Amerika utanom Chile og Ecuador. Brasil er kjend for å ha store areal regnskog, og har fått namn etter brasiltreet, som vaks i store mengder i området då landet blei oppdaga av europearar.

Geografi

brasiltre Hovudstaden i landet er Brasilia og andre store byar inkluderer São Paulo og Rio de Janeiro. Brasil er nesten like stort som USA og er rikt på naturressursar. Ekvator går gjennom Brasil, og landet har derfor hovudsakleg tropisk klima. Mykje fukte har ført til veksten av den store regnskogen i Amazonas nord i landet. Eit opnare, tørrare landskap av åsar og låge fjell sør i landet har gjeve rom til mykje av det viktige landbruket i landet. Langs atlanterhavskysten ligg fleire fjellkjeder som kan ha toppar på om lag 2 900 meter. Pico da Neblina på 3 140 m.o.h. som ligg nord i landet, i Guiana, er likevel den høgaste fjelltoppen. Amazonaselva, er ei viktig elv i Brasil og ei av dei største i verda. Andre viktige elvar er Paranáelva, Iguaçu, Rio Negro og Tapajós.

Innbyggjarar

Dei fleste brasilianarane bur i kystnære område. Folket i Brasil er prega av tre store folkegrupper; brasilianske urfolk, innvandra europearara og importerte afrikanarar. Det har vore vanleg for desse gruppene å gifta seg med kvarandre, slik at innbyggjarane er blitt blanda til «brasilianarar». Samfunnet er likevel prega av skjult rasisme, der dei som har lysare hudfarge som regel òg tilhøyrer ein betre sosial klasse, og unngår å blanda seg med mørkhuda. Som ein hovudregel bur folk av mest europeisk avstamming sør i landet og folk av blanda herkomst i nord og nordaust.

Hovudgrupper

Brasil ber preg av å ha vore ein portugisisk koloni frå omlag 1500 til 1822. Eit fleirtal av folket nedstammar frå portugisarar, portugisisisk er òg det viktigaste språket i landet, og kulturen har mange portugisiske trekk. Ei anna viktig europeisk innvandrargruppe er tyskarar som hovudsakleg busette seg i Blumenau sør i landet. Afrikanske slavar som kom til landet mellom 1500- og 1800-talet har skapt ei stor gruppe farga. Dei stammar mellom anna frå yoruba-, ewe- og bantufolk. Brasilianske urfolk har i stor grad blitt absorberte av innvandrarane, men det finst spreidde stammar som fortsatt held på dei førkolumbiske identitetane sine. Desse utgjer om lag 1% av innbyggjarane i Brasil. Dei viktigaste større urfolkgruppene er tupiar og guaraniar.

Nyare innvandring

Innvandring frå Europa til Brasil auka på 1870-talet, særleg med innflyttarar frå Italia. Etterkomarane deira utgjer no 15% av befolkningar, om lag 25 millionar menneske, og er den største samlinga italienarar utanfor moderlandet. Ei anna stor gruppe kom frå Spania, medan 1800- og tidleg 1900-tal òg såg innvandring frå land som Polen, Russland, Ukraina og Austerrike. Desse innvandrarane busette seg mest i dei sørlege statane. Tidleg på 1900-talet tok òg japanarar til å flytta til landet. Dei er den største asiatiske minoriteteten i landet, og befolkninga på 5 millionar er den største samlinga japanarar utanfor Japan. Store grupper frå Midtausten, som Libanon og Syria, har òg kome til landet.

Lenkjer ut

Kjelder


- Tilsvarande artikkel på engelsk Wikipedia
- Artikkel om folk i Brasil på engelsk Wikipedia kategori:land i Sør-Amerika kategori:tidlegare portugisiske koloniar ja:ブラジル ko:브라질 ms:Brazil simple:Brazil

Nord-Amerika

Nord-Amerika er den nordlege delen av den amerikanske verdsdelen. Snevert definert, noko som er vanleg på norsk, omfattar området berre Canada, USA og Mexico. Det utvida omgrepet kan òg ha med Mellom-Amerika, Karibia og til og med Grønland. Bortsett frå ei tynn landgrense i sør mot Sør-Amerika er området omgitt av hav: Stillehavet i vest, Atlanterhavet i aust, Det karibiske havet i sør og Nordishavet i nord. ja:北アメリカ simple:North America tokipona:ma Amelika lete zh-tw:北美洲 zh-min-nan:Pak Bí-chiu Kategori:Amerika

Karibia

#OMDIRIGER Mellom-Amerika og Karibia

Den dominikanske republikken

Den dominikanske republikk er eit land som opptek den austlege delen av øya Hispaniola i Karibia.

Fakta


- Lågaste punkt: Lago Enriquillo, 46 meter under havet
- Folkesetnden si middellivslengde: 68 år
- Spedbarnsdøydelegheit: 3,4 %
- Naturtilgong: Nikkel, bauxitt, gull, sølv
- Religion: Katolikkar 95% Katolikkar

Administrativ inndeling

Den dominikanske republikken er inndelt i eit distrikt, Distrito Nacional, og 31 provinsar: Kategori:Land i Mellom-Amerika og Karibia nb:Den dominikanske republikk ko:도미니카 공화국 ms:Republik Dominican zh-min-nan:Dominic Kiōng-hô-kok ja:ドミニカ共和国

Guatemala

Republikken Guatemala er eit land i Nord Amerika og grensar til Belize, El Salvador, Honduras og Mexico. Landet grensar i tillegg til Stillehavet i vest og det karibiske havet i aust. det karibiske havet Kategori:Land i Mellom-Amerika og Karibia nb:Guatemala ja:グアテマラ ko:과테말라 ms:Guatemala nb:Guatemala

Honduras

Republikken Honduras er eit land i Mellom-Amerika. Landet grensar mot nord til Guatemala og El Salvador, og mot sør til Nicaragua, mot vest ligg Stillehavet og mot øst den Honduranske Golf og det karibiske hav. Belize (tidlegare "Britisk Honduras") ligg omkring 75 km frå Honduras, på tvers av den honduranske bukta, der dei to landa ligg tettast på kvarandre.

Historie

Honduras var ein del av Spania sitt store rike i den nye verda. Landet vat sjølvstendig i 1840. Etter 25 år der landet det meste av tida var under militær leiing, kom ei fritt vald sivil regjering til makta i 1982. I 1980-åra viste Honduras seg å være ein fristad for anti-sandinistiske kontraar som bekjempa Nicaragua si regering, samt ein allieret til El Salvador sine regjeringsstyrkar, som kjempa mot venstreorienterte geriljaar. I 1998 raserte orkanen Mitch landet og øydela økonomien til landet.

Departement

Honduras er inddelt i 18 departement:
- Atlántida
- Choluteca
- Colón
- Comayagua
- Copán
- Cortés
- El Paraíso
- Francisco Morazán
- Gracias a Dios
- Intibucá
- Islas de la Bahía
- La Paz
- Lempira
- Ocotepeque
- Olancho
- Santa Bárbara
- Valle
- Yoro Yoro

Geografi

Honduras ligger ved det karibiske hav og nordlege Stillehavet. Klimaet varierar frå subtropisk i låglandet til tempereret i fjella. Honduras sitt landområde består primært av fjell, men det er òg smale sletter langs kysten. Landets naturressursar er blant andre tømmer, gull, sølv, kopar, bly, sink, jernmalm, antimon, kol, fisk og vasskraft. Kategori:Land i Mellom-Amerika og Karibia ja:ホンジュラス ms:Honduras

El Salvador

El Salvador er ein republikk som ligg i Mellom-Amerika og grensar til Guatemala og Honduras.

Historie

El Salvador var fram til 1821 spansk koloni, før dei og resten av Den sentralamerikanske føderasjonen frigjorde seg frå spansk styre. I 1842 var det slutt med føderasjonen og El Salvador blei ein sjølvstendig stat. I 1992 blei ein 12 år lang borgarkrig mellom regjeringa og opprørarar avslutta. Krigen hadde då kosta 75 000 menneske livet. 1992 Kategori:Land i Mellom-Amerika og Karibia nb:El Salvador ja:エルサルバドル ms:El Salvador nb:El Salvador

Nicaragua

Nicaragua er det største landet i utstrekning i Mellom-Amerika, men har færrast innbyggjarar per kvadratkilometer. Landet grensart til Honduras i nord og Costa Rica i sør.

Geografi

Costa Rica Kategori:Land i Mellom-Amerika og Karibia ms:Nicaragua ja:ニカラグア

Costa Rica

Costa Rica er ein republikk i Mellom-Amerika. Landet grensar til Nicaragua i nord og Panama i sør. Landet har kystline mot Atlanterhavet i aust og Stillehavet i vest.

Historie

Spania tok kontroll over området på 1600-tallet som den sørlegaste provinsen i Nye Spania. Etter å ha vore ein del av det Mexikanske imperium i kort tid vart Costa Rica ein stat i Den sentralamerikanske føderasjonen i perioden 1823 til 1839. Frå 1840-talet vart Costa Rica ein uavhengig stat. Sidan 1800-talet har det bare vore to periodar med ustabilitet i landet. Den fyrste var i 1917 til 1919Federico Tinoco herska som diktator. Den andre var i 1948 då ein 44-dagars borgarkrig braut ut som fylgje av eit omstridt presidentval. Hæren vart oppløyst i 1949. Costa Rica er eit av dei få demokratiske landa i verda utan militærvesen. militærvesen Kategori:Land i Mellom-Amerika og Karibia ja:コスタリカ ms:Costa Rica

Venezuela

Venezuela er ein republikk i Sør-Amerika som grensar til Colombia, Brasil og Guyana.

Geografi

Venezuela har mange ulike landskapstypar. I nordvest og langs den karibiske kysten i nord ligg ei forlenging av Andesfjella, der det høgaste punktet er Pico Bolivar, som ragar 5 007 m over havnivå. I nordvest finst òg lavsletter rundt Maracaibo-sjøen og attmed Venezuelagolfen. Midt i landet ligg store sletteområde kjende som llanos. Dei strekkjer seg frå grensa mot Colombia til Orinoco-deltaet. Sør i landet ligg dei forrivne Guiana-høgslettene, med fleire tepuiar. Frå ein av desse tepuiane fell Angelfossen, som er verdas høgaste foss.

Administrativ inndeling

Venezuela er delt inn i 23 delstatar (estados), eitt hovudstadsdistrikt (Distrito Capital) og eitt føderalt område (Dependencia Federal):
- Amazonas
- Anzoátegui
- Apure
- Aragua
- Barinas
- Bolívar
- Distrito Capital
- Carabobo
- Cojedes
- Delta Amacuro
- Falcón
- Dependencia Federal
- Guárico
- Lara Lara
- Mérida
- Miranda
- Monagas
- Nueva Esparta
- Portuguesa
- Sucre
- Táchira
- Trujillo
- Vargas
- Yaracuy
- Zulia

Klima

Klimaet er tropisk og generelt varmt og fuktig. På høgslettene kan temperaturen og fukta vera meir moderat. Caracas er hovudstad og den største byen i landet. Andre store byar er Maracaibo, Barquisimeto, Valencia, Maracay og Guayana by.

På verdsveven

Regjeringssider


- [http://www.gobiernoenlinea.ve Gobierno en Línea] - Den offisielle regjeringsportalen (på spansk)
- [http://www.venezuela.gov.ve Presidencia de la República de Venezuela] - Den offisielle president sida (på spansk)
- [http://www.asambleanacional.gov.ve Asamblea Nacional] - Den offisielle parlamentsida (på spansk)

Media og kommunikasjon


- [http://www.globovision.com Globovisión] - Venezuelsk nyhendekanal
- [http://www.unionradio.com.ve Unión Radio]
- [http://www.eud.com Diario El Universal]
- [http://www.el-nacional.com Diario El Nacional]
- [http://www.talcualdigital.com Diario Tal Cual]
- [http://www.vheadline.com/main.asp VHeadline.com]
- [http://www.venezuelanalysis.com/ Venezuelanalysis.com]
- [http://notiven.com Noticias de Venezuela] (på spansk og engelsk)

Kultur, foto og turisme


- [http://www.efemeridesvenezolanas.com Efemérides Venezolanas] (på spansk).
- [http://www.marceloanelli.com/xoom/ Venezuela i foto] (på spansk).
- [http://www.venezuelatuya.com Venezuela Tuya (Venezuela Yours - Le Venezuela Votre): A country to love] - Venezuelsk turistportal.

Anna


- [http://www.geocities.com/otalvora/libros/pazramo/indexpax.htm Ramón J. Velásquez si regjering]
- [http://pliniocabrera.blogspot.com/ Brev frå Venezuela]
- [http://numismondo.com/pm/ven/ Utviklinga til venezuelske papirpengar] - Frå 1933 til i dag. Kategori:Land i Sør-Amerika nb:Venezuela ja:ベネズエラ ko:베네수엘라 ms:Venezuela nb:Venezuela simple:Venezuela

Ecuador

Ecuador er eit land ved ekvator, nordvest i Sør-Amerika. Landet grensar til Colombia og Peru og har kystline mot Stillehavet. Ecuador er eit av dei minste landa på dette kontinentet, det åttande største målt i flatevidd. Samanlikna med europeiske land er Ecuador litt mindre enn til dømes Italia. Folkesetnaden i landet er prega av etnisk mangfald med ca 65 % mestisar og ca 25 % urfolk (CIA faktabok [http://www.cia.gov/cia/publications/factbook/geos/ec.html]). Urfolket er ei samling av mange ulike grupper av indianarfolk kor majoriteten snakkar ulike dialektar quechua. Spansk er offisielt språk i landet. Økonomien i landet er påverka av fluktuasjonar i råoljepris. På siste halvdelen av 1990-talet var landet prega av politiske og økonomiske kriser. Etter at inflasjonen nådde 60 % i 1999 innførte styresmakta amerikanske dollar som offisiell valuta frå mars 2000. Frå då av blei også økonomien stabilisert. Geografisk og klimatisk er landet tredelt i ei varm kystsone, eit mildt høgland og ein våt og varm regnskog. Petroleum, fisk, tømmer og vasskraft er viktige naturressursar.

Geografi

vasskraft Landet ligg på vestkysten av Sør-Amerika, under ekvator som òg forklarer namnet åt landet. Ein deler landet grovt inn i tre soner: høglandet Andes, la Sierra deler landet på langs, i vest har ein kystområdet, la Costa og i aust det lågtliggande området dekka av regnskogen i Amazonas, el Oriente. Galápagosøyane er ein del av Ecuador. Kystområdet er fruktbart om enn varmt av di det ligg lågt. I sør finn ein hamnebyen Guayaquil ved utlaupet av Rio Guayas. Høglandet strekk seg midt gjennom landet frå nord til sør kring 2500 moh. og har ein moderat temperatur. I høglandet finn ein provinshovudstadane Quito, Ambato og Cuenca. Mange av fjella her er delvis aktive vulkanar som når til 5 – 6000 moh. Blant desse er Chimborazo på 6310 moh. det høgste fjellet i Ecuador. I høglandet ligg det fleire kratersjøar, for eksempel Quilotoa, 35 km vest for Latacunga. El Oriente, (austen) det ecuadorianske namnet på amazonasområdet, ligg lågt, her er fuktig og varmt, alle elvane her drenerar til Amazonaselva. Dei viktigaste elvene er Napo, Coca, Pastaza, Putumayo og Aguarico. Ei fjerde sone Galapagosøyane, ligg ca 1000 km ut i Stillehavet, er kjent for plante- og dyreliv med mange endemiske artar.

Politisk inndeling

Pastaza. Kystlina er 2237 km. ]] Ecuador er delt inn i 22 provinsar (provincias):

Areal


- totalt: 283 560 km² inklusive Galápagosøyane
- landareal: 276 840 km² av dette er 5560 km² (1994) dyrka land.
- vatnareal: 6 720 km² Fordeling av arealet er:
- dyrkbart land: 6%
- korn og anna nyttevekstar: 5%
- grasland: 18%
- skog: 56%
- anna areal: 15% (1993)

Byar


- Hovudstaden: Quito (folkesetnad på 1,8 millionar i 2004)
- Andre byar, tal frå Lonely Planet si bok frå 2001:
  - Guayaquil (2.0 millionar)
  - Cuenca (0.28 millionar)
  - Ambato (0.18 millionar)
  - Portoviejo (0.18 millionar)
  - Machala (0.22 millionar)
  - Loja (0.13 millionar)

Region: La Costa

Kystområdet er ei opp mot 100 kilometer brei lågtliggande stripe av landet avgrensa av Stillehavet i vest og foten av Andesfjella i aust. Opphavleg var landet her skogkledd også med mangroveskog, men no har jordbruk tatt over med bananplantasjar, kakao- og kaffefarmar. Mangroveskogen er i stor grad fjerna for å gje plass til oppdrettsanlegg for reker, ofte i illegal verksemd. Langs kysten finst fine strender, men òg viktige hamner. Hamna i Balao i Esmeraldasprovinsen er eksporthamn av råolja som er frakta i rør frå nordre del av Oriente. Kysten har regntid frå desember til mai. I motsetnad til Peru har ikkje Ecuador ørken i kystområdet.

Region: La Sierra

ørken Høglandet er eit belte gjennom det sentrale Ecuador frå nord til sør og reknast som ein del av Andesfjella. Fleire av områda er avskoga for jordbruksføremål, andre område ligg i ei sone som er kjenneteikna av tåkeskog. Lengst nord i Ecuador er Andes tre parallelle fjellkjeder (spansk cordilleras) som strekk seg i ei S-form mot sør. Dei vert kalla vestre, midtre og austre cordilleras. Lengst sør er dei ikkje distinkte. Fjellkjeda blei danna tidleg i kenozoikum, nyare geologisk æra, då Nazcaplata blei subdusert under Sør-Amerika-plata og fjellområda reiste seg.

Fjell og vulkanar

Ecuador har 20 vulkanar på fastlandet og 10 på Galápagosøyane. Fem av desse er nord for ekvator, også med Cayambe som den høgste vulkanen på den nordlege halvkule. 8 vulkanar i Ecuador er over 5000 meter, med Chimborazo på 6310 moh. som den høgste. Han kjem likevel berre på plass nummer tjue på lista over høgste vulkanar i Sør-Amerika. Det er utvikla turisme basert på fotturar og klatreturar på vulkanar. Cotopaxi er lett tilgjengeleg frå Quito og kan vere vulkanen med flest oppstigingar. Liste over dei 8 høgste vulkanar i Ecuador over 5000 moh. pluss 2 kjende aktive ordna frå nord til sør. Der finst òg to andre toppar over 5000 moh. som er systertoppar til Illiniza Sur og Chimborazo.

Region: El Oriente

Geografisk samsvarar regionen El Oriente med dei seks austlegaste provinsane i landet. Dette er mest av alt tropisk regnskog og ein del av regnskogen i Amazonas. Vest for Oriente ligg Andesfjella eller regionen La Sierra. Oriente er lågtliggande, det meste av arealet ligg mellom 200 og 800 moh., mens vestre del av Pastazaprovinsen ligg og noko høgare med provinshovudstaden Puyo på nesten 1000 moh. og i grenseområda mot Andes stig høgda raskt. Klimaet er mykje varmt og fuktig. Det er mindre variasjonar over årstida, perioden frå april til juni kan vere våtast, men her er òg lokale variasjonar. Ein finn to store nasjonalparkar i Oriente, Cuyabeno og Yasuni. Den sistnemnde ligg lengst aust i Pastazaprovinsen og Orellanaprovinsen mot Peru. Petroleumsverksemda i Ecuador går føre seg i Oriente og skaper naturleg nok konfliktar med folkegrupper som ikkje kan greie seg utan dei sårbare økologiske system i regionen. I 1998 underteikna presidentane i Ecuador og Peru ei endeleg fredsavtale som gjorde slutt på ein 465 år gamal grensekonflikt mellom dei to landa i Oriente.

Notar geografi og klima


- Toppen av Chimborazo er det høgastliggande punkt i verda om ein måler frå jordsenteret.
- Stadige jordskjelv, jordras, vulkansk aktivitet, periodiske flaumar er ei belasting for kommunikasjon og økonomi.
- El Niño gjer stor skade for fiskeri og anna verksemd i kystområdet.

Historie

Arkeologiske funn etter valdiviakulturen i Loma Alta (ca år 3500 f. Kr.) kan vere dei eldste spor av kulturell aktivitet ein finn i Ecuador. Ein veit at Sierra-regionen tidleg tente som ein møteplass og eit vegkryss for handel og anna kontakt mellom folk frå Oriente og Costa-regionen. Cerro Narrío nær Cuenca kan ha vore eit slikt handelssenter frå kring år 2000 f. Kr. Ei lett handelsrute følgde Pastazaelva og Panteelva ned til Amazonasbassenget. Det må ha vore tidleg handel med Mesoamerika; yuca (maniok) og mais er innført derfrå. Seinare kom andre kystkulturar som tolitakulturen (ca år 300 f. Kr til 400 e. Kr.). Mantakulturen (ca år 500 til 1500 e. Kr.). var konsentrert nær dagens Manta i Manabíprovinsen og dreiv handelsverksemd med det sentrale Peru i sør og vestlege Mexico i nord. Thor Heyerdahl har funne prov for at folk frå Sør-Amerika har vitja Galapagosøyane i førkolumbiansk tid, og det har vore gjort framlegg om at det kan vere folk frå manta som gjorde slike sjøreiser.

Bakgrunnsstoff


- [http://exploringecuador.com/maps/region_todas.htm Kart som syner kor provinsane ligg]
- [http://www.cuencanet.com/ingapirca/ecuadore.htm Ecuadoriansk historie før Columbus]

Kjelder


- [http://www.cia.gov/cia/publications/factbook/geos/ec.html CIA - The World Factbook -- Ecuador]
- [http://www.wrm.org.uy/bulletin/51/Ecuador.html Ecuador: Mangroves and shrimp farming companies]
- [http://www.volcano.si.edu/reports/usgs/archive.cfm The Smithsonian's Global Volcanism Program]
- Tony Perrottet (redaktør) Insight Guides Ecuador APA (1995) ISBN 039566277X
- Øystein Kock Johansen Thor Heyerdahl : vitenskapsmannen, eventyreren og mennesket, Cappelen Oslo (2003)
ISBN 82-02-23071-3 Kategori:Land i Sør-Amerika ja:エクアドル ms:Ecuador

Bolivia

Bolivia er ein republikk i Sør-Amerika som grensar mot Chile, Peru, Brasil, Paraguay og Argentina. Hovudstaden er La Paz, men dei største byane er Santa Cruz og Cochabamba.

Historie

Det har budd folk i Andesregionen i om lag 20 000 år. Rundt 1450 vart det som i dag er Bolivia ein del av Inkariket. Inkaene kontrollerte området fram til 1525, då Spania hærtok og koloniserte området. Landet fekk sjølvstyre i 1825, og ein valde å kalla opp landet etter fridomshelten Simón Bolívar. Sidan då har nesten 200 militærkupp og motkupp prega landet si historie. Landet mista tilgangen til kysten under Stillehavskrigen rundt 1880. Eit demokratisk styre vart etablert i 1982, men landet har store problem med utbreidd fattigdom, sosial uro og narkotikaproduksjon. Etter at president Sánchez de Lozada flykta frå landet i 2003, vart visepresidenten, Carlos Mesa sett inn som ny president i Bolivia. Etter mykje uro trakk Mesa seg, og Eduardo Rodríguez Veltzé vart sett inn som interimpresident 9. juni 2005.

Geografi

Natur

I vest strekkjer Bolivia seg inn i Andesfjella, der Nevado Sajama er det høgaste fjellet, med sine 6 542 m. Dei sentrale delane av landet ligg på høgfjellsplatået Altiplano, der mesteparten av folket bur. Dei austre delane av landet er eit lavlandsområde som er dekt av regnskog. Her ligg det lågaste punktet i landet, Rio Paraguay, 90 meter over havnivå. thumb Titicacasjøen ligg på grensa mellom Bolivia og Peru. Heilt i vest ligg Salar de Uyuni, som er verdas største saltørken.

Departement

Bolivia er samansett av ni fylke, kalla departement (departamentos). Desse er: Beni, Chuquisaca, Cochabamba, La Paz, Oruro, Pando, Potosi, Santa Cruz og Tarija. Kategori:Land i Sør-Amerika ja:ボリビア ms:Bolivia nb:Bolivia

Argentina

Argentina er eit land i Sør-Amerika som grenser til Bolivia, Brasil, Chile, Paraguay og Uruguay. Namnet Argentina kjem frå det latinske ordet for sølv, argentum. Landet fekk namnet på grunn av store sølvforekomster.

Geografi

Historie

Argentina var ein spansk koloni frå 1516 fram til 1816, då landet vart sjølvstyrt. Heilt fram til den andre verdskrigen opplevde likevel landet interne motsetnader. Desse motsetnadene var til dels mellom konservative og liberale politikarar, og til dels mellom politikarar og militære. I perioden 1946-55 var Juan Perón president. Han kom att i denne posisjonen i 1973 men døydde året etter, og vart då etterfølgd av den tredje kona si Isabel Perón som vart styrta av ein militærjunta i 1976. Dette militærdiktaturet vart kraftig svekka etter nederlaget i Falklandskrigen i 1982. Etter valet i 1983 har Argentina vore eit demokrati. Landet opplevde ein økonomisk kollaps i 2001. Kategori:Land i Sør-Amerika nb:Argentina ja:アルゼンチン ko:아르헨티나 ms:Argentina simple:Argentina

Peru

Historie

Fleire utdøydde sivilisasjonar har halde til i Peru. Over tusen år før Inka-indianarane kom ned til kystlandet, hadde mochicaane og andre sivilisasjonar bygt akveduktar og pyramidar der. Hovudsetet til inkariket i Peru låg i Cuzco. Landet vart erobra av spanske conquistadorar i 1533. I 1821 vart Peru erklært uavhengig, men dei spanske styrkane vart ikkje overvunne før 1824.

Geografi

Peru er i dag om lag fem gonger så stort som Storbritannia, men då europearane kom, omfatta det i tillegg heile Bolivia og Ecuador, delar av Brasil og Colombia og mykje av Argentina og Chile. I inkatida hadde riket dobbelt so lang kyst som no, men landet har framleis over 2 000 km open kystline mot Stillehavet. Landet er delt på langs av dei høge Andesfjella. Mellom parallelle fjellkjeder ligg dalar med busetnader og høgfjellsplatå 3 000 – 4 000 meter over havet. Det høgaste fjellet i Peru er Huascarán, med 6 768 m. Frå fjella renn store vassmassar mot aust og sluttar seg til Amazonfloden. Berre nokre få elvar renn vestover mot Stillehavet.

Største byar


- Lima (7 450 000)
- Arequipa (619 000)
- Trujillo (509 000)

Klima

Peru er eit tropeland. Frå naturen si side har det store variasjonar i landskapet, med tørr ørken ved kysten, tropisk regnskog i innlandet og snø- og isbredekte Andesfjell imellom. Det er ein umerkeleg overgang mellom den peruanske regnskogen og den brasilianske jungelen. jungel Det regnar svært sjeldan vest for fjella, og heile kystbeltet er difor ein kjempestor ørken. År om anna kjem den varme havstraumen El Niño sørover langs Ecuador-kysten og skapar dramatiske forstyrringar i klimaet i heile landet. Dette skjer med ujamne mellomrom, vanlegvis kvart 2. – 8. år, såkalla niño-år. Niño-straumen pressar på sørover og tvingar den nordgåande Humboldtstraumen med kaldt vatn til å dreia mot vest. Det varme vatnet tek livet av millionvis av fisk. Dette skapar ikkje sjeldan hungersnaud blant fiskarane på nordkysten. El Niño bringar òg med seg skybrott som får storflaumar til å koma ned frå fjella på vanlegvis tørre stader og gjera stor skade på kystlandet. Kategori:Land i Sør-Amerika nb:Peru ja:ペルー nb:Peru simple:Peru tokipona:ma Pelu zh-cn:秘鲁

Uruguay

Uruguay er ein republikk i Sør-Amerika som grensar til Brasil, Argentina og Atlanterhavet. Landet er det nest-minste landet i Sør-Amerika og er eit av dei mest politisk og økonomisk stabile. Namnet Uruguay kan være samansett av dei indianske orda uru, som tyder fugl, og guay, som tyder hale, som òg er namnet på ein fugleart som var svært vanleg i Uruguay.

Historie

Landet var ein del av det spanske koloniriket fram til 1821, då Brasil annekterte landet. Uruguay vart sjølvstendig i 1828. I kolonitida vart området kalla Banda Oriental, det vil sei austbreidda av elva Uruguay.

Demografi

Som eit spanskspråkleg land i Lati-Amerika, har dei fleste uruguayarar ein spansk-kulturell bakgrunn, sjølv om om lag ein-fjerdedel av befolkninga har italiensk bakgrunn. Som 88% av befolkninga har europeisk bakgrunn, mestizoar (8%) og mørkhuda (4%) er det dei einaste etniske minoritetane. Kyrkje og stat er offisielt separert. Religion: Romansk katolsk (66%), Protestantisk (2%) og jødisk (1%) og andre (31%).

Klima

Uruguay har eit mildt, fuktig, subtropisk klima med nedbør i alle årstidene. Den kaldaste månaden er juli, med ein snittemperatur på 10–13°C, medan den varmaste er januar, med ein snittemperatur på 22–25°C. Årsnedbøren varierer mellom 900 og 1 300 millimeter.

Geografi

Heile den sørlege delen av Uruguay er lågland. Innlandet er for det meste samansett av småkupert bakkeland som ligg 200–300 m.o.h. Den høgaste toppen er 540 m. Det meste av landet er dekt av grassletter, sokalla pampas. Langs elvebreiddene veks det spreidt skog, og i dei sørlegaste områda finst somme område med savanne.

Departement

right Uruguay består av 19 departement (departamentos):
- Artigas
- Canelones
- Cerro Largo
- Colonia
- Durazno
- Flores
- Florida
- Lavalleja
- Maldonado
- Montevideo
- Paysandú
- Río Negro
- Rivera
- Rocha
- Salto
- San José
- Soriano
- Tacuarembó
- Treinta y Tres Kategori:Land i Sør-Amerika nb:Uruguay ja:ウルグアイ ko:우루과이 ms:Uruguay nb:Uruguay

Wikipedia:Articles for deletion/Deeper high



motorola gry java Online Casino Pozycjonowanie blackjack programy










































:: RELATED NEWS ::
All Rights Reserved 2005 wikimiki.org