:: wikimiki.org ::
| Hannover |
Hannover
Hannover er ein by i Nord-Tyskland ved elva Leine. Han er hovudstaden i den tyske delstaten Niedersachsen, og styrar òg den mindre Hannover-regionen som ligg rundt. Byen har eit folketal på 517 000 (31.12.2002).
Hannover er ein kjend messeby. Kvar sommar huser han verdas største datamesse, CeBIT, og industrimessa Hannover Messe. I 2000 var Hannover vert for verdsudstillinga Expo 2000. I 2006 skal fleire fotballkampar for verdsmeisterskapet i denne idretten føregår her.
Historie
verdsmeisterskap
Hannover var opphavleg ein landsby av fiskarar og ferjemenn. Han vaks til ein by i mellomalderen, då ein mellom anna byggde bymuren og fleire kyrkjer.
Greven av Braunschweig flytta til byen i 1636, og grevskapet hans vart sidan kalla Hannover. Denne adelsslekta skulle seinare få innpass i det britiske kongehuset. I fem generasjonar var den britiske monarken òg regent av Hannover. Då Victoria overtok trona i Storbritannia gjekk kongedømet Hannover over til den næraste mannlige arvingen.
Storbritannia
Hannover vart annektert av Preussen i 1866. Byen fortsette å veksa, men vart som så mange andre tyske byar svært øydelagd av bombeåtak under den andre verdskrigen. På grunn av dette har Hannover også mange moderne bygg.
Industri
Niedersachsen er eit viktig industriområde, og i Hannover ligg fabrikkane til mellom anna Volkswagen og Mercedes-Benz. På 1800-talet blei industrikonsernet Hanomag ein viktig industri i byen. Konsernet vart kjøpt opp av Mercedes-Benz på 1960-talet.
Anna
- Rockegruppene Scorpions og Fury in the Slaughterhouse kjem frå denne byen
Lenkjer ut
- [http://www.hannover.de/ Byen si eiga vevside]
- [http://www.panorama-cities.net/hannover/hannover.html Panorama frå Hannover]
- [http://www.fembio.org/women-from/women-from-hannover.shtml Viktige kvinner frå Hannover]
Kategori:Byar i Tyskland
Kategori:Byar i Niedersachsen
ja:ハノーファー
Fotball
Fotball er eit lagspel som er utbreidd over heile verda, både på profesjonelt og amatørnivå. Spelet går ut på å få ein ball, hovudsakleg ved å bruka føtene, inn i målet til motstandaren.
For å spela treng ein berre ein ball, to mål og nokre spelarar, og fotball er såleis tilgjengeleg også for folk som er svært fattige. Men idretten er òg ein stor pengemaskin, med nokre av verdas best betalte utøvararar.
Spelet
Fotball, slik han blir definert av den internasjonale fotballorganisasjonen FIFA, blir spelt av to lag med elleve spelarar kvar, selv om ungdomskampar eller amatørkampar ofte har færre spelarar på kvart lag. Eit lag blir oftast delt inn i ein målmann, forsvarsspelarar, midtbanespelarar og åtaksspelarar. Målmannen er den einaste som med vilje kan røre ballen med hendene. Dei andre spelarane har som oppgåve å få ballen over banen og inn i motstandarens målet, og å hindra det andre laget i å gjera det same den andre vegen. Det laget som har scora flest mål på slutten av kampen har vunne. Ein kamp varer vanlegvis i 90 minutt, delt opp i to omgangar á 45 minutt, men barn og unge spelar kortare kampar.
minutt
Reglar
Spelets reglar vart sett fast på midten av 1800-talet, etter mykje usemd mellom engelske skular om korleis reglane skulle sjå ut. Kvar skule hadde sine reglar, og nye kompromissforslag poppa opp med ujamne mellomrom. For å ordne opp i kaoset vart FA stifta i 1863, men dette førte til meir splittelse og skipinga av Rugby Football Union i 1871.
Reglane fra 1863 vart sterkt forandra, og dei reglane liknar meir på rugby enn dagens fotball. Sporten forandra seg likevel mykje på slutten av 1800-talet, slik at den idretten som kom ut av Storbritannia og til Europa og Sør-Amerika i 1890-åra liknar mykje på den idretten som spelas i dag. Dei einaste store endringane er ein forandring av offsideregelen og innføringa av innbyttarar.
Dei 11 spelarane må ha trøye, shorts, sokkar, sko og leggbeskyttarar for å få lov til å spele ein offisiell kamp. Spelarane kan ikkje ha på seg noko som kan vere farlig for andre på bana.
Ein spelar kan tas av bana og byttast ut med ein annan. I profesjonelle kampar er det vanlegvis tre innbytte per lag, og ein spelar som har forlatt bana kan ikkje komme attende. Desse reglane er mindre strenge på amatørnivå.
Ein dommar ser til at reglane for spelet blir haldne, gjerne med hjelp av to linjemenn som passer spelet frå sidene. Dommaren blir ofte kritisert, både av publikum, spelarar og media.
Banen ein spelar på kan variera. Som regel er han dekka av gras eller kunstgras, men det går òg å spela på grus. I internasjonale turneringar skal banen vera mellom 100 og 110 meter lang og 64-75 meter brei. Målet er idag (2005) 2,44 meter høgt og 7,32 meter breidt.
Historie
meter
Fotballspelet stammar frå England, der det mellom anna blei spela på kostskolar. Reglane blei standardiserte på 1800-talet.
Det var først menn og unge gutar som deltok i spelet. Sidan har òg ungar og kvinner fått spela. Ei undersøking gjort av FIFA våren 2001 viste at 240 millionar menneske i over 200 land spelte fotball.
Sjå òg
Tippeligaen
Kategori:Idrettar
-
Kategori:Ballspel
nb:Fotball
ko:축구
ja:サッカー
nb:Fotball
simple:Football (soccer)
Ferje
Ferje er ei nemning på ein båt eller eit skip som fraktar passasjerar over avgrensa avstandar. Ei ferje har gjerne óg rom for å ta med køyretya til passasjerane. Gjerne skjer ferjetrafikken etter fastsette ruter, slik at det vert rutetrafikk. Ei bilferje er spesialbygd for å ta med bilar.
Ordet "ferje" kjem av norrønt "ferja". Å ro ferja tydde å ro folk eit kort stykke. På bokmål nyttar ein nokre gonger nemninga "ferge", etter dansk "færge".
Ferjetrafikk er viktig for mange kystbuarar. Kostnaden for ferjetrafikk er ofte lågare enn å byggja ei bru eller ein undersjøisk tunnel. Trass i lågare kostnad vert ferjetrafikken mange stader lagt ned. Ei bru eller ein tunnel gjev folk større fridom til å reisa når dei ynskjer. Særleg gjeld dette når bilismen er på frammarsj.
Ei passasjerferje for passasjerar til fots er ofte kalla ein "vassbuss" eller "vassdrosje". Døme på dette finn ein i Venezia i Italia. Norske døme på slik ferjetrafikk finn ein i området kring Bergen. Frå mellomalderen og fram til 1930-åra gjekk mykje av trafikken i Bergen over vatn. Trafikken vart utført av såkalla fløttmenn eller fergemenn.
Kulturell og symbolsk tyding
Ferjetrafikk har hatt stor kulturell tyding. På ferjene har folk kome saman og laga til eigne sosiale rom. Romanen "Kjærleikens ferjereiser" av Edvard Hoem skildrar noko av kulturen knytt til ferjene på vestkysten av Noreg.
Symbolsk kan ei ferje eller ferjereis tyda "overgang i livet" eller generell overgang eller endring, ein vert ferja inn i eit nytt tilvere. Urtypen av ferjemannen finn ein i gresk mytologi. Ferjemannen Karon (eller Charon) ferjer folk over grenseelva Akheron, inn i dødsriket.
Bakgrunnsstoff
kategori:båttypar
kategori:ferjer
kategori:rutetrafikk
kategori:kollektivtransport
nb:Ferje
ja:フェリー
Mellomalderen
Mellomalderen er det me kaller tidsrommet mellom antikken (og i Noreg vikingtida) og nyare tid, med renessansen og opplysningstida.
Omgrepet «mellomalderen» var lenge negativt ladd. Sjølve det å berre stå som ein fyllperiode er ikkje så gjævt; i tillegg kalla ein gjerne tida «den mørke mellomalderen» for å verkeleg visa kor uopplyste, overtruiske og barbariske folk var på denne tida. I nyare tid har historikarane òg trekt fram mange positive trekk ved tidsrommet, og ein kallar det sjeldan «mørkt» lenger.
Periodar
Overgangen frå antikk tid til mellomalder var prega av folkevandringar, der særleg grupper av germanske stammar drog rundt i Europa og skapte uro. Ein av stammane plyndra Roma for første gong i 475, noko som innebar slutten for Vestromerriket.
Ein kallar midtperioden i mellomalderen høgmellomalderen, og seier at han starta med kroninga av Karl den store i 800.
Den siste delen av tidsrommet kallar me seinmiddelalderen, som starta omlag då Thomas Aquinas gav ut verket sitt Summa Theologica i 1273.
Mellomalderen i Noreg
Ein reknar gjerne med at den norske mellomalderen starta i år 1030, då landet blei kristna, og varte til reformasjonen i 1536.
På verdsveven
- [http://home.broadpark.no/~jantaule/ Mellomalderen i Noreg] (bokmål)
nb:Middelalderen
ja:中世
nb:Middelalderen
Kategori:Historie
-
Kyrkje:For kyrkja som kulturell, andeleg og administrativ institusjon, sjå Kyrkja.
Ei kyrkje er eit vigsla sakralbygg for kristne gudstenester, bøn og andre rituelle handlingar.
Ordet kyrkje kjem opphavleg frå gresk kyriakon (κυριακον), '[huset] åt Herren'. Men ordet kan òg vera ei omsetjing av ekklesia (ἐκκλησία), 'folkesamling'. Dermed kan kyrkje både visa til huset kristne samlar seg i, og til sjølve kyrkjelyden.
kyrkjelyd.]]
kyrkjelyd. Vi ser preikestolen ved venstre vegg og altertavla inst i kyrkjerommet. (Foto: Håkan Svensson, 24. desember 2004.)]]
2004
Sjå òg
- Bedehus
- Domkyrkje
- Kapell
- Stavkyrkje
kategori:sakralbygg
kategori:arkitektur
kategori:kristendom
ja:教会
simple:Church
1636 Hendingar
Utlandet
-
Noreg
- Sjøforsvaret fekk sin første lege (medicus), Ambrosius Rhodius.
Fødde
- Jacques Marquette, fransk oppdagar
Døde
-
Fyrstehuset HannoverFyrstehuset Hannover er ei tysk adelsslekt som er mest kjend sambandet sitt med den engelske trona. Ho stammar frå Heinrich der Löwe, som levde på 1100-talet.
Slekta herska over hertugdømmet Braunschweig-Lüneburg, som vart til kurfyrstedømmet og kongeriket Hannover, og over Storbritannia og Irland frå Georg I kom på trona i 1714. Fyrstehuset mista den engelske trona då dronning Victoria vart gift med Albert av Sachsen-Coburg-Gotha. Den engelske kongefamilien, saman med fleire europeiske kongehus, stammar likevel fortsatt frå denne slekta.
Noverande overhovud for slekta er den tyske prinsen Ernst August av Hannover (fødd 1954).
Kategori:Europeiske adelsfamiliar
Kategori:Britiske monarkar
Victoria av Storbritannia
Alexandrina Victoria (24. mai 1819 - 22. januar 1901) av det tyske fyrstehuset Hannover var regjerande dronning av det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland, med koloniar, i 63 år, sju månadar og to dagar, frå 20. juni 1837 til 22. januar 1901. Tidsromet er den lengste regjeringstida for nokon britisk monark.
Mektigaste kvinne gjennom tidene
Av mange er Victoria rekna som den mektigaste kvinna gjennom historia. Etter som det britiske imperiet utvida seg herska ho over om lag lag ein femdel av verda. Victoria sette sterkt preg på 1800-talet. Så sterk innverknad hadde ho at ho har gitt namn til tidsepoka «viktoriatida», av dette kjem igjen uttrykka «viktoriansk» og «viktorianisme».
viktorianisme
Regjeringstida til Victoria var ei stor ekspansjonstid for det britiske imperiet, og var samstundes tida for den industrielle revolusjonen. Storbritannia var i sterk endring sosialt, økonomisk og teknologisk. Oppfinningar frå denne tida er frimerkene og jarnbanen. Dronning Victoria var avbilda på det første frimerket, og var det første statsoverhovudet som reiste med tog.
Tittel og slekt
Victoria sin fulle tittel som monark var «Victoria, by the Grace of God, of the United Kingdom of Great Britain and Ireland Queen, Defender of the Faith». Omsett til norsk vert det «Victoria, med Guds signing, dronning av det sameinte kongedømet Storbritannia og Irland, forsvarar av trua». Ho hadde frå 1876 òg tittelen «keisarinne av India».
Victoria var den siste britiske monarken av huset Hannover. Etterfylgjaren og sonen kong Edvard VII av Storbritannia høyrde til fyrstehuset Sachsen-Coburg-Gotha. Namnet på fyrstehuset vart i 1917 endra til fyrstehuset Windsor.
Liv
Oppvekst
fyrstehuset Windsor
Victoria var fødd som dotter av Edvard August av Hannover, hertug av Kent og prinsesse Victoria av Sachsen-Coburg-Saalfeld. Til ho var tre år tala ho berre tysk, som var morsmålet hennar. Ho fekk deretter undervising i engelsk, og skal seinere òg ha tala fransk, italiensk, gresk og latin.
Då Victoria var ti år døydde onkelen, kong Georg IV av Storbritannia, som var barnlaus. Broren Wilhelm (engelsk: William IV) etterfylgde han på trona. Då heller ikkje han hadde arvingar, vart Victoria tronarving. Mor hennar redd for at nokon skulle finna på å forgifta eller drepa Victoria. Ho ordna med at Victoria aldri gjekk nokon stad utan livvakt, og flytta senga til Victoria inn til sitt eige soverom for å passa på at ingen prøvde å drepa henne om natta.
Som attenåring vart Victoria regjerande monark, etter at onkelen døydde, den 20. juni 1837.
Victoria og Albert
1837
Victoria møtte syskenbarnet sitt, prins Albert av Sachsen-Coburg-Gotha då ho var seksten år gamal. I tillegg til at dei var i familie hadde dei begge kome til verda ved hjelp av same lege, Frau Siebold. Ho spurde han om å gifta seg med henne, noko som var uvanleg for den tida, men han kunne ikkje spørja henne av
di ho var dronning. Bryllupet fann stad den 10. februar 1840. Albert tilhørde det saksiske kongehuset, og Victoria fikk dermed det borgarlege namnet Wettin.
Albert ynskte i fyrstninga å ta del i styringa av riket. Ynsket førde til noko usemje i starten, men etter kvart vart ekteskapet deira særs lukkeleg. Medan Victoria var inderleg glad i sin mann, kan Albert sine kjensler for henne ha vore meir kjølege. Biografar har lansert teoriar om at Albert gifta seg ut frå pliktkjensle. Familiane deira ynskte ekteskap, og det kunne vera bra å vera noko meir enn ein ubetydeleg tysk prins. Sjølv om det kanskje ikkje var like sterk kjærleik frå båe sider, så syrgde Victoria sterkt då Albert døydde i 1861. Ho hadde eit måleri av han i ei kiste ved senga, og brukte berre svarte kléplagg resten av livet. Ho proklamerte at ingen mann på den britiske trona nokonsinne skulle kunna heita Albert.
Sonen, Albert Edvard Prins av Wales, vart krona som Edvard VII og oldebarnet Albert Frederick Arthur George vart krona som kong Georg VI.
Victoria gav prinsen av Wales skulda for at Albert døydde. Ho og Albert såg alltid på han som uskikka til å ta over ansvaret som konge, og lét han ikkje få ei rolle som kunne førebu han på å få makta. Med for mykje fritid vart Edvard ein levemann. Victoria gjekk derimot inn ei evigvarande syrgjetid. På folkemunne var ho kjend som «enkja av Windsor».
Ettermæle
Windsor
Fleire stader i verda er kalla opp etter Victoria. Det gjeld mellom anna delstaten Victoria i Australia, hovudstadane på Seychellane og i dei kanadiske provinsane British Columbia og Saskatchewan, den største sjøen i Afrika og dei mektige Victoriafalla på Zambezielva.
Europa si bestemor
Victoria var kjend som «bestemor til Europa». Alle dei ni borna hennar gifta seg inn i kongelege familiar. Etterfylgjande slekt gifta seg inn i endå fleire kongehus. Spania, Hellas, Sverige, Noreg, Luxembourg, Preussen, Russland, Romania og Jugoslavia har eller har hatt kongehus med slektsaner til Victoria. Etterkomarane hennar som er statsoverhovud i dag (2005) er dei britiske og danske dronningene og dei norske, svenske og spanske kongane.
Dronninga var den første kjende bæraren av blødarsjuke, som viste seg hjå fleire av etterkomarane hennar. Det er usikkert kvar dette genet kom frå; kanskje var det ein mutasjon i sæden til far hennar, som var femtito år gammal då ho blei unnfanga, eller det kan ha følgd ei ukjend line frå morssida.
Sonen prins Leopold hadde sjukdommen, medan prinsessene Alice og Beatrice var bærarar. Den best kjende etterkomaren hennar som hadde sjukdommen var oldebarnet prins Aleksei av Russland.
Born av dronning Victoria og Prins Albert
Peikarar ut
kategori:regjerande dronningar
kategori:britiske monarkar
ja:ヴィクトリア (イギリス女王)
1866 Hendingar
Utlandet
- David Livingstone reiser på si siste oppdagsferd i Afrika.
- Dei første norske misjonærane (frå Det Norske Misjonsselskap) kjem til Madagaskar.
- Hans Paludan Smith Schreuder blir utnemnd til biskop over Zululand.
Noreg
-
Fødde
-
Døde
-
Kategori:Byar i NiedersachsenKategori:Niedersachsen
Niedersachsen
Master-DetailUnter einer Master-Detail-Beziehung versteht man in der Softwareentwicklung eine Beziehung zwischen zwei Blöcken von angezeigten Daten in einem Computerprogramm, wobei der zweite Block (Detail) detailliertere Informationen zu den Daten des ersten Blocks (Master) enthält.
Datenbankanwendung, Benutzeroberfläche
In Bezug auf Datenbankanwendungen wird der Begriff insbesondere für den häufig auftretenden Fall verwendet, dass der erste Block genau einen und der zweite Block mehrere inhaltlich dem ersten Block zugehörige Datensätze enthält. Dies wird meist als Kombination von Formularfeldern für den „Master“-Datensatz mit einer darunter oder rechts daneben stehenden Tabelle für die „Detail“-Datensätze dargestellt.
Beispiel:
Eine Bildschirmmaske oder Webseite mit den persönlichen Daten eines Kunden und dazu als Detaildaten die darunter aufgeführten Aufträge dieses Kunden.
Datenmodell
Eine Master-Detail-Beziehung auf der Benutzeroberfläche des Computerprogramms resultiert meist aus einer entsprechenden Struktur der Datenbank, nämlich aus einer 1:n-Beziehung
zwischen zwei Datenbanktabellen (im obigen Beispiel zwischen einer Kundentabelle und einer Auftragstabelle).
Datenbankabfrage
Datenbankdaten, die in einer Master-Detail-Beziehung zueinander stehen, können nicht (bzw. nicht immer korrekt) mit einer einzigen SQL-Abfrage aus der Datenbank ausgelesen werden. Da Master- und Detaildaten getrennt ausgelesen und zurückgeschrieben werden müssen, bestimmt die Datenstruktur auch die innere Architektur des Programms, indem hierfür getrennte Datasets bzw. Direct Views angelegt werden. Formulare und Reports in Datenbankanwendungen bestehen häufig aus zueinander in Master-Detail-Beziehung stehenden Programmteilen.
Kategorie:Software
wagi elektroniczne doda Nurkowanie alojamientos en edimburgo tekst
|
|
|
|